![]() |
Livredd for å gjere feil

Gudrun Bakken har tatt fram igjen fløyta etter 30 år. No spelar ho med Alvdal/Tynset Janitsjarkorps og er med på NM for fyrste gong. Laurdag spelar ho saman med korpset i 5.divisjon og ho gruar seg.
Etter ein offensiv rekrutteringskampanje i korpset har Alvdal/Tynset fått meg seg Gudrun Bakken med fleire i korpset. Før var dei to korps, men sleit med rekrutteringa. No har dei slått seg saman og blitt til eitt.
Fram med fløyta
Gudrun spelte fløyte då ho gjekk på Toneheim folkehøgskole for over 30 år sidan. Etter det har direksjon og kor tatt all hennar musikalske tid. Då ho fekk spørsmål om å ta fram igjen fløyta og spel i korpset, tenke ho, ja, kvifor ikkje.
- Det hadde vore godt å vere med i noko sosialt utan å måtte ta dirigent-ansvar, seier Bakken. Å sitje i korpset og berre spele saman med dei andre og gjere det eg får beskjed om frå dirigenten. Det er fint, seier ho.
Livredd
Dagen før sjølve konkurransen er ho invitert til nett-TV-studio. Ei sprudlande Gudrun seier at ho gruar seg og er livredd for å gjere feil.
- Det er ein plass eg skal spele nesten åleine, og tenkt om eg ikkje får ein lyd i fløyta! På sist øving bad dirigenten meg om å spele og eg spelte heilt feil! Eg trudde eg skulle dø, seier ho. Hadde det berre vore eit hol i golvet...
Men musiseringa, fellesskapet og samspel over generasjonar er det viktigaste. Sjølv om korpset har eit mål om å klatre oppover i divisjonen og nå 4.divisjon, seier Bakken.
Korpsdirigent Nils Graftsås får gode skussmål frå den tidlegare kordirigenten. Han gjer oss gode. Intonasjon og dynamikk er det viktigaste. Det er ord Gudrun kjenner frå før, men å få det til på fløyta, det er verre, ler ho litt forsiktig.












