![]() |
Loppemarknad og kulturskule

Baard Meidell Johannesen ser med uro på kva som vil skje med korpsrørsla dersom den blir for profesjonalisert. Han fryktar noko går tapt.
Eit skulekorps er ein liten foreldredreven læreinstitusjon, skriv han i bloggen sin på NHO sine sider. Han nemner to ting som han fryktar går utover korpsa. Det eine er loppemarknadene og det andre er kulturskulane. Dugnad og profesjonalisering.
Meidell Johannesen har sju års fartstid i guttemusikken og veit kva han snakkar om.
I bloggen sin får han motbør av andre med ulike meiningar.












