![]() |
Lottodivisjonen med høg sjarmfaktor

Ti korps er med i divisjonen som ikkje skal konkurrere men underhalde under NM janitsjar i Trondheim 8.og 9.april. Halvparten av dei er berre med i denne divisjonen, medan den andre halvparten også deltek i det vanlege NM.
Kanskje fleire korps heller vil vere med å underhalde i Lotto-divisjonen, og ikkje konkurrere i NM.
-Vi kan fort få eit luksuproblem dersom dette blir vellukka, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk, med ein litt underfundig undertone. Han har stor trur på at dette blir eit vellukka prosjekt.
Nytt av året
Lottodivisjonen er ei nyvinning under årets NM janitsjar. Dei ti deltakande korpsa skal spele under NM i Trondheim. Dette er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norges Musikkorps Forbund. Gerd Holter hos Norsk Tipping fortel at LOTTO-divisjonen skal gje korps som ikkje strebar etter poeng ein sjanse til å likevel delta under NM.
Ideen kom under fjorårets NM janitsjar. Fleire meinte at stemninga under eit slikt arrangement var så god, at fleire må få oppleve den. Som samarbeidspartnar ville Norsk Tipping gå inn med pengar for å lage ein arena for korps som ikkje har verken ambisjonar eller pengar til å nå opp i divisjonane.
-Dei kan la seg inspirere av stemninga, delta sjølve og lytte til dei beste janitsjar-korpsa og få ei god oppleving, seier Holter.
Underhaldning
I Lottodivisjonen er underhaldningsverdien for publikum viktigast. Her kan dei spele så mange stykke dei vil, eit anna type repertoar enn NM-deltakarane og dei har 15 minutt til rådvelde, seier Hinsverk.
Konferansier
Merete Trøan er konferansier under Lottodivisjonen sin konsert. Ho er blant anna kjent frå den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i 1992.
Pengepremie
På ekte Lotto-vis er det mulig å vinne pengepremie. Den går til tre heldige vinnararar av dei 10 korpsa som deltek.
Sponsorsjef i Norsk Tipping Tore Elman Tangen skal opne det heile før Sandefjord Old Stars frå Vestfold set i gang sjølve konserten.
Eit av korpsa – Vinne Musikkorps frå Lotto-bygda Verdal skal delta, både i Lottodivisjonen og vere med å konkurrere i 6.divisjon.
Fakta om Lottodivisjonen:
• Nytt av året 2011
• Samarbeid mellom Norsk Tipping og Norges Musikkorps Forbund
• 10 korps deltek
• Pengepremie på 10.000,- 5.000,- og 2.500,- kroner.
Gå ikkje glipp av sterke musikkopplevingar og høg sjarmfaktor når korpsa møtast i Lottodivisjonen. Konserten startar fredag 8.april kl.1755.












