Manger Musikklag er Europas beste brassband!

Manger Musikklag gjekk heilt til topps i EM for brassband i Montreux i Sveits og slo korps nummer to med heile fire poeng.
- Dette er heilt fantastisk. Vi er strålande fornøgd og kjempeglad over seieren, seier den nybakte europameisteren og leiaren av Manger Musikklag, Nils-Arne Træland.

Foto:Manger Musikklag. Kornettgruppa

Erobra heile Europa

- Vi har opplevd at vi har erobra heile Europa, jublar leiar i MML,  Nils- Arne Træland.

Han fortel at det er vanskeleg å skildra jubelscenene som utspelte seg på gata utanfor konsertareneaen etter premieutdelinga.

- Dette er berre heilt uverkeleg, seier han.

Overraska stort

- Denne gjengen her sluttar aldri å overraska. Her er det ingen grenser for kva som er mogleg å få til. Det er fantastiske musikantar som har klart å gjera jobben to dagar på rad. At vi slår Cory Band med heile fire poeng er heilt uverkeleg, seier Træland.

Han fortel at Manger Musikklag såg på seg sjølv som ein outsider som hadde som mål å komma blant dei fem beste.

- Martin Winter som er korpsets faste dirigent har lagt grunnlaget og jobba med oss sidan februar. Han har gjort ein fantastisk jobb, og no i oppkøyringa har vi hatt Peter Szilvay som fekk oss heilt i mål, seier Tæland på telefon frå Sveits med ellevill jubel i bakgrunnen.

- Kva tankar hadde de etter framføringa fredag?

- Nokre av oss hadde ei veldig god kjensle etter gårsdagen. Men det var ein tung sal å spela i, der vi måtte arbeida hardt gjennom heile framføringa. Vi gjekk inn med eit ope sinn og gav alt, og det viste seg at det gjekk bra. På pliktnummeret fekk vi heile fem poeng meir enn korpset som vart nummer to, fortel han.

Han meiner også dei to solistgruppene som spelte på pliktnummeret har mykje av æra.

- Korleis gjekk det med det sjølvvalte stykket?

- I dag var vi strålande fornøgd. Vi bestemte oss for å gje alt vi kunne. Torstein Aagaard-Nilsen sitt stykke vart veldig godt mottatt, og vi hadde ei god kjensle. Vi visste at sjansen for å gjera det veldig bra var til stades, seier Træland.

Han vil også gjerne understreka kor mykje komponisten har hatt å seia for Manger Musikklag.

- For Manger Musikklag betyr Aagaard-Nilsen utruleg mykje. Han har vore med i dirigentteamet, og har bidratt med kunnskap og erfaring. Han er ein fantastisk person og gull verd for korpset. Vi er takknemleg for at han er i staben, avsluttar Nils-Arne Træland som allereie har planane klare for EM i Rotterdam neste år.

EM FOR BRASSBAND:

Pliknummer: Audivi Media Nocte (Oliver Waespi) 

Resultat:
1. Manger Musikklag [Norway], 4/6, 94/97=191.
Peter Szilvay

2. Cory Band [Wales], 2/10, 89/98=187
Dr Robert Childs

3. Tredegar [Wales], 5/9, 90/96=186
Ian Porthouse

4. Schoonhoven [Netherlands], 10/4, 91/94=185
Erik Janns

5. Noord-Limburgse Brass Band [Belgium], 4/2, 92/92=184
Ivan Meylemans

Beste solist: Bert van Thiernan [Soprano] - Cory 

Dommere:
Set Work:
Frode Amundsen (Norway), Eric Crees (UK) og Thomas Doss (Austria)

Selvvalgt:
Blaise Heritier (Switzerland), Luc Vertommen (Belgium) og Allan Withington (UK) 

B Seksjon:
Pliktnummer: 'Vertex'(Stephen Hodel) and Own Choice programme

Resultat:
1. Ensemble de Cuivres Euphonia [Switzerland], 5, 94
Michael Bach,

2. Austria Brass Band of the University of Music and Performing Arts Graz [Austria], 2, 93
Professor Uwe Koller

3. Brass Band Oberschwaben Allgau [Germany], 4, 87
Peter Schmid

Dommere:
Frode Amundsen (Norway), Eric Crees (UK) og Thomas Doss (Austria)

Her kan du lese om forventningane korpset hadde før dei reiste til Sveits:

-For meg er det fyrste gong eg er med i eit EM, og eg har mange sommarfuglar i magen. Det seier styremedlem og althornist Marte Stormark. Ho og dei 32 andre i Manger Musikklag er meir enn klare for å reise til Montreux for å konkurrere.

Rar kjensle

Nils Arne Træland er leiar i korpset, spelar tuba og humrar i telefonen når han får spørsmål om korleis det kjennest ut like før "avspark".

-Eg merkar på kroppen at noko skal skje, ja. Og for dei fleste er det nok litt uverkeleg dette, nærast som ein drøm som er gått i oppfylling og ein av grunnane til at mange begynte å spele i korpset. For toppen er å få vere med i eit europeisk meisterskap.

Stolt og kry

Sist Manger var med i EM, var i Bergen i 2003. Dei vann NM brass 2010 og vart med det kvalifisert til å delta i EM.Træland fortel at han er stolt over gjengen som reiser, miljøet er godt og Manger Musikklag vil setje sitt preg på EM.

-Vi ønskjer å vise at vi er eit brass-band å rekne med i europeisk målestokk. No vil vi bite ifrå oss, seier Træland.

Mykje øving

I påska har musikklaget øvd fem dagar i strekk, frå torsdag til måndag, med avsluttande konsert i Logen Teater i Bergen. Her fekk dei testa formen framfor eige publikum.

-Ambisjonen er å framføre to gode konsertar i Montreux og gjere det vi skal. Det vil seie stole på kvarandre, støtte kvarandre og jobbe som eit team, seier Træland. Han legg til at dei er eit ungt korps, 2/3 av korpset er under 25 år og berre omlag ti av dei 32 musikantane har vore med i EM tidlegare.

Korpset skal framføre eit pliktnummer fredag og eit sjølvvald stykke laurdag. Rekkefølgja er enno ikkje trekt.

Er musikkstykka vanskelege å spele?

- Ja, svarer Marte Stormark. Dei er vanskelege, men ikkje no når vi kan dei. 

Tidleg avgarde

Flyet deira går tidleg torsdag morgon via Køpenhavn til Geneve og buss vidare til Montreux. Dermed får dei også sett seg litt om i Sveits. Rundt 25 familiemedlemmer, vener og støttespelarar reiser saman med korpset som konkurrerer om å bli europameister.

Dommar frå Masfjorden

Tubaist og dirigent Frode Amundsen frå Masfjorden i Hordaland er ein av dommarane i EM. Fredag dømte han pliktnummeret saman med Eric Crees og Thomas Doss.

Fyldig dekning av EM

TV Nordhordland har laga reportasje om Manger Musikklag.

Også avisa Nordhordland og avisa Strilen har skrive om Manger Musikklag som reiser til EM.

Ifølge EBBA si nettside vil 4barsrest vere der og rapportere direkte fredag og laurdag.

Du kan og følgje Manger Musikklag på Twitter. Her blir det lagt ut bilde og oppdateringar om kva dei held på med i Sveits.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering