Manger i Shanghai: Avreise

To bassar og ein trombone hadde forsvunne på vegen – dei hadde visst vorte sendt til Hong Kong.

Manger skulemusikklag er i Kina der de blant annet deltar på verdensutstillingen "EXPO 2010". Følg korpsets opplevelser i vår gjesteblogg.

Torsdag 27. mai:

Medan dei fleste pusla rundt heime og fann fram pass og pakka kofferten, var Anette i gong med eksamen på det norske konsulatet i Shanghai. Resten av oss reiste frå Manger med Skyss, som for ein gongs skuld var i rute...

Vi kom oss på flyet til Amsterdam, vaste rundt på Shiphol nokre timar før vi entra KLM sin jumbo-jet som skulle frakta oss til Shanghai. Om flyet var stort, så var det trongt, veldig trongt for somme. Men servering fekk vi rikeleg av, mat og drikke i ymse variantar, til dei raraste tider. Natta kom fort på, og forsvann nesten like fort. Nokre sov litt, andre sov litt meir, men alle kom fram til Puhdong International Airport. Dvs alle kom fram, men ikkje alt. 2 bassar og ein trombone hadde forsvunne på vegen - dei hadde visst vorte sendt
til Hong Kong. Men vi fekk med oss resten, og kom oss til hotellet, Holiday Inn Express.

Trøtte tørna vi til sengs, og måtte opp att grytidleg neste morgon. Utruleg nok hadde dei manglande instrumenta dukka opp i løpet av natta. Dei hadde visst ikkje vore i Hong Kong likevel.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering