![]() |
Manger i Shanghai: Fridag
Humøret er framleis på topp, sjølv om nokre er lei ris no...
Manger skulemusikklag er i Kina der de blant annet deltar på verdensutstillingen "EXPO 2010". Følg korpsets opplevelser i
vår gjesteblogg.
Søndag 30. mai:
Søndag var ein fridag, der alle var ute i byen på ein eller annan måte. Nokre ville i den store handlegata (6 kilometer med
butikkar...), andre ville i gamlebyen, og nokre ville opp i det store TV-tårnet Oriental Perl. Dei som reiste til TV-tårnet,
fekk oppleva køkulturen i Kina. Vi fekk beskjed om at det var ca 2 timar kø. Nokre snudde i porten, og gjekk heller på shopping.
Men dei tålmodige fekk ei stor oppleving. I køen møtte vi mellom anna ein kinesisk familie som såg T-skjortene våre. Dei drog
fram kamera - og viste oss bilete frå paraden dagen før, der MSML marsjerte!!
Då vi omsider kom til heisen, etter 1,5 timar i kø, fór vi 240 meter til værs, og fekk ein storslått utsikt over den enorme
byen. Det var ingen ende på høghus i alle retningar... Det var også ein eigen utsiktsplattform, der vi kunne gå på glasplater
heile vegen rundt. Nokre stoppa i døra, medan andre våga seg ut på glasplatene - og fekk ei sterk oppleving - 240 meter rett
ned...!
Shopparane kunne gle seg over heftige budrundar, og gjorde tilsynelatande gode kjøp. Andre tusla rundt i gamlebyen, og fekk
sjå gamle kinahus med vippetak, pågåande seljarar og rekkjer med butikkar med meir eller mindre "junk". Men atmosfæren var
flott.
Om kvelden var vi på kinesisk restaurant (!), og fekk ein flott måltid, med mykje variert mat. Alle fann noko dei likte, nokre
likte alt.
Les også:
Manger i Shanghai: Avreise
Manger i Shanghai: Kronprinsen
Manger i Shanghai: Parade












