![]() |
Manger i Shanghai: Parade
Dette var ei heftig oppleving, med tettpakka folkemassar på begge sider ned gata. Det vart reine 17. mai-stemninga.
Manger skulemusikklag er i Kina der de blant annet deltar på verdensutstillingen "EXPO 2010". Følg korpsets opplevelser i
vår gjesteblogg.
Laurdag 29. mai:
Laurdag var det på nytt til Expo-området. Varmare og tørt denne dagen, men heldigvis delvis skya. Vi starta med konsert på
Europa Square. Her samla det seg mykje folk, og vi gjorde eit publikumsvenleg program, som vart vel motteke. Det var kanskje
nokre blant publikum som var like opptekne av langt, blondt hår som dei var av musikken.
Deretter gjorde vi ein parade gjennom ei av hovudgatene i Expo-området. Dette var ei heftig oppleving, med tettpakka folkemassar
på begge sider ned gata. Det vart reine 17. mai stemninga, men med noko uvante omgivelsar. Det vart ein lengre tur enn vi
hadde tenkt, men musikantane leverte marsjar i fleng. Og større publikum enn dette har vi aldri hatt!
Søndag 30. mai:
Denne dagen har me brukt til shopping, endeleg fekk lommepengane bein å gå. Litt uvant med pruting, men etter kvart fekk me
til det og, og mange kan sei seg godt fornøgd med dagens handel. Kanskje nokon av oss var litt lettlurte, men dyrt vart det
ikkje likevel. Nokon hadde og tålmodigheit til å stå i kø for å ta turen opp i fjernsynstårnet, og hadde god utsikt frå kuppelen
der. Kvelden vart avslutta med middag ute, dagens meny bestod som ellers av kinesiske rettar! I morgon er det klart for besøk
på ein kinesisk skule, dette er noko som kan bli spennande for alle. Me i Kina må sei god natt, sjølv om det er lenge til
leggetid heime i Norge.
Les også:
Avreise
Kronprinsen












