![]() |
Med skråblikk på NM brass

Sett frå eit althorn på utstilling. ”Fy deg!! Hæ? Set du meg nedatt?” Ho prøver det andre vesenet - det med gull... ”DU, det er ikkje gull alt som glimer altso!” Nei, ho likte ikkje klangen i dette plagiatet av eit utspjåka horn. Fornuftig jente.
Fredag føremiddag
”Endeleg er eg her - i foajéen i Grieghallen!” Dette rommet har eg høyrt so mykje om frå alle dei som har vore her tidlegare. ”Hei, Morten og Mons! Åh, so godt det er når de tek varleg i meg med mjuke hender, stryk meg over schallstykket og kjitlar meg på ventilane – tøysekoppar!” Jammen var det godt å få litt olje på dei også. So plasserer dei meg fint og lett på den svarte duken som er so mjuk - fin plass fremst har eg fått også. Dette vert ei kjekk helg! Mange får sjå meg og høve til å ta på meg.
”Ka i svarte er det de gjer? Flytt dette andre hornet av vegen! Nei ikkje meg, dummingen! Eg stod her først! Denna pyntedokka med gull på ventilhuset og trigger treng da vel ikkje stå rett framfor meg!”
”Oi, oi - her kjem det folk som vil sjå på oss!” Her er vi samla heile familien; både engelske, amerikanske, japanske og franske slektningar. Denne helga slepp vi å høyre frå og på, dei flisefine surpipene. Dei er lagt att i butikken; berre godt det. Lakrisstengene er verst - dei tyt alltid om å få vere fremst alikavel. Bortskjemde er dei, heile bunten! Ikkje toler dei regnvatn heller. Nei, dei er ikkje velkomne her.
”Der kjem ho!” Vetle søte Marianne som vennene mine snakka om på lageret. Ho har vakse seg større no, enn det dei fortalde. ”Jippi! Ho vil prøve meg.” Jammen har ho teke med seg munnstykket sitt også. Åsåm, for ein flott tone ho har. Men ho smakar ikkje like godt! Frukostblanding, cola og tyggis samt dårleg tannpuss. ”Fy deg!! Hæ? Set du meg nedatt?” Ho prøver det andre vesenet - det med gull... ”DU, det er ikkje gull alt som glimer altso!” Nei, ho likte ikkje klangen i dette plagiatet av eit utspjåka horn. Fornuftig jente.
Fredag - middagstid
Det har vore stille lenge no. Masse folk har passert, studert, komentert og prøvd, men ikkje so mange at det er verdt å snakke om. Det vart no litt morosamt her for ei stund sidan då den litt fyldige typen bomma på stolen med hendene fulla av kaffi og runstykker. Bums - kaffi over heile seg, bordet og på teppegolvet. Eg lo – men det tok ingen notis av det.
Det er i grunn mykje kjekt å sjå på. Unge og gamle, gutar og jenter, nordlendingar og sogningar, crewcut og hockeysveis, barberte og langhåra kunstnartypar. Samlar det meste av folk, dette arrangementet. Trur det må være ganske unikt...
Sjå der kjem han den brautande indresogningen som har vore her nokre år no. Sjå kor han smiskar med Morten og Mons. Er vistnok tidlegare skulekamerat med Mons’n. Trur kanskje han får meg billeg? ”Berre snyt han, Mons! Ikkje sel meg for knappar og glansbilete.”
Fredag – det kveldast
Har tenkt meg om litt... Ikkje sikkert at eg får det so gøy dersom eg vert selt til nokon. Her er det so mange rare folk og ting som skjer at eg trur eg vil gjere mitt til å bli verande. Eg har mine triks. Kan berre gjere meg litt trang i røra og lage litt krøll med andreventilen so får eg nok viljen min - hvis ikkje Marianne kjem att då...
Desse timane har vore kaotiske. Enormt mykje folk og eit evindeleg mas om bereselar, dirigentpinnar, ErgoBrass, ventiloljar, mutar og hinmannen si oldemor . Det er jammen godt at dei pakkar oss inn no, so me får kvile til i morgon.
Laurdagsmorgon
Folk strøymer til i det alletiders strålande været. Nokon har allereie fått i seg den tredje kaffikoppen. Jammen litt vårkjensle her også, med sola inn gjennom vindauga.
”Nei, sjå der kjem han smartingen!” Har fått med seg kone og barn også i år. Standardløysinga på kjønnsfordeling er klar: Han trillar vogna med instrumentkassen oppi – ho held skikk på ungen. Ho lyt bære jentungen her i folkehopen elles kan ho bli trakka ned. Tryglar mannen om hjelp – men neida! Han skal berre snakka med kjende. ”Kvar er likestillingombudet? Spelar slike folk i korps?” Nei - det der er sikkert ein dirigent eller sånn arrangør- eller komponisttype. Det er no eit folkeslag det også...
Det er lett stemning blant folk no og latteren sit laust. Mange er ferdige med både pliktnummer og sjølvvalgt. Standen rundt hjørna med fotografering vert flittig nytta. Det kom ein kar frå den retninga og ville prøvespele på meg for ei stund sidan. ”Æsj og fysj!” Han hadde slutta med nikotinen for ei stund sidan, men gått over til snus. Og so bar han på eit glas! ”Hugs det til neste år, Morten! Det går an å sette opp skilt.”
No er elitedivisjonen snart ferdigspela. Dei fleste har det klart for seg kven som er vinnarar i år. Pliktnummeret i elite vart ikkje so verst heller. Sytarane kan berre ha det so godt. Olga og dei andre i korsptv.no driv og avsluttar no. Rundt meg er dei starta nedpakkinga - takk for interessa!
”Forresten... Snakkast ikkje neste år – Marianne har kjøpt meg. Neste år skal eg og ho spele på scena i Store sal!”












