Miles i musikken

- Ein ting er i alle fall sikkert. Miles Davis spelte i skulemusikken.
- Det visste eg ikkje, sa eg.

- Det var der, i skulemusikken, det heile starta. Den fantastiske musikkarrieren. Miles har mykje å takke korpsrørsla for.
- Jøss, sa eg.

Det er nesten like givande å diskutere musikk som å høyre på musikk. Sjølvsagt er kombinasjonen best. Høglydt musikkdiskusjon med ei fin plate som bakteppe. Så om du vaknar ein morgon med plateomslag, lp-ar og cd-plater strødd over heile golvet, skal du vite at du hadde ein feiande flott kveld i førevegen. Og det var ein slik kveld at ein god kompis kom med dei nye opplysningane om Miles Davis.

Det byrja med at vi snakka om kjende musikarar som har starta karrieren i korps. Det var seint på kveld, så eg hugsar ikkje alle dei namna no. Men samtalen dreia etterkvart inn på den store trompetisten frå Stryn, Arve Henriksen. Alle var samde om at han spelar fantastisk. Vi kjende oss stolte over at "Den Nye Miles Davis" kjem frå heimfylket vårt. Men ingen visste sikkert om Arve Henriksen nokon gong hadde spelt i korps. Vi leita litt på nettet, men fann ingenting. Vi bestemte oss for å ringe til Stryn for å høyre, og fann nummeret til ein tilfeldig vald Flofamilie. Men då vi skulle ringe, oppdaga vi heldigvis at klokka var over både Kveldsnytt og leggetid. Dessutan var det jo ikkje sikkert at denne Floen hadde svaret. Kanskje han berre var interessert i fotball og ikkje visste så mykje om korpset i bygda, om dei i det heile tatt har eit korps i Stryn.

Så gåta var uløyst då kompisen min brått sa:

- Ein ting er i alle fall sikkert. Miles Davis spelte i skulemusikken.

Først var eg usikker på om han laug. Men han verka veldig overbevisande, og vanlegvis er han til å stole på, sjølv om han gjer rare ting av og til. Mellom anna spelar han fagott. Men greie på jazz har han. Eg har sett han på opp til fleire jazzfestivalar. Dessutan fortalde han detaljert om korpskarrieren til Miles Davis.

Eg skal no etter beste evne prøve å gjengi dei opplysningane han kom med. Eg hugsar ikkje alt, så det blir kanskje litt springande. Men eg syns det er interessant, håpar at dette er sant og vonar at det er til inspirasjon for deg som spelar i korps.

Miles Davis kom inn som rekrutt i Harlem Skulekorps våren 1936. Han lærte fort, og deltok i sitt første 17-maitog same året. Ni dagar seinare fekk han sitt første instrument. Den 26. mai fylte Miles ti år og onkelen gav han ei kvit skarptromme. Denne brukte Miles i to år. Då måtte han skifte instrument. Ein trompetist hadde fått streng på tennene og grein seg til å overta skarptromma, så Miles måtte ta til takke med trompeten. Og slik blei det.

Slutten av 30-talet var urolege år for korpsrørsla. Dei sleit med å rekruttere nye medlemmar. I Harlem Skulekorps hadde dei skrikande mangel på grovmessing. Til slutt slo dei seg saman med eit anna korps og danna Harlem & Bronx Skulekorps.

Miles blei raskt flink å spele trompet. Teknikken var det ikkje noko å seie på. Men han sleit med marsjane. Der blei han aldri flink. Dessutan var ikkje marsjering hans sterkaste side. Han gjekk lutrygga i utakt, spelte for svakt og sakte og uniforma var ofte uflidd. Eit år skjerpa han seg. Stilte i flott uniform, spelte i takt med dei andre og marsjerte betre enn nokon gong. Men til slutt gjekk det skeis. Miles fekk for stor fart, og etter ei stund var han langt framfor dei andre i korpset. Det enda med at ein av faneberarane måtte springe fram og stoppe han.

Pinleg der og då. Seinare lo Miles mykje av denne episoden og brukte den også som inspirasjon då han skulle titulere eit av sine mest kjende album, nemleg Miles Ahead.

I juni 1942 skulle Harlem & Bronx Skulekorps ha sitt årlege kakelotteri. Mora til Miles, Betty, kunne ikkje bake, men hadde likevel prøvd seg på ei Verdens Beste, som ho sende med Miles. Kaka såg ikkje ut, og dei andre i korpset lo av den sjenerte 16-åringen då han kom med kaka.

Etter dette pinlege opptrinnet slutta Miles Davis i korpset for å satse for fullt på jazz og narkotika. Resten er, som dei seier, historie.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering