![]() |
NMF møter opposisjonspartia

President og generalsekretær møter tysdag opposisjonen på Stortinget. Bodskapen er nedgangen i kulturmidlane til NMF.
Foto: Linda Eide
Generalsekretær Anita Finnebråten og president Per Kvistad Uddu i Norges Musikkorps Forbund skal i møte på Stortinget tysdag. Målet er å fortelje og dokumentere at det har vore ein nedgang i kulturmidlane til NMF, medan kulturbudsjettet generelt har auka.
- Det er eit faktum at tilskot i kulturmidlane til NMF har gått ned. Både frifond og VO-midlar (vaksenopplæringsmidlar) har gått ned, og det har heller ikkje vore noko auke i Instrumentfondet, seier Uddu.
Øyvind Håbrekke (Krf) som er talsmann for opposisjonspartia har invitert NMF til Stortinget for å sjå på eit løft for musikkorpsa.
- Krf har satsa mykje på kor, og no set dei også korps på dagorden, seier Uddu. Han og generalsekretæren har fått 40 minutt til rådvelde saman med opposisjonen på Stortinget.
- Det er viktig å kome på bana no, for opposisjonspartia ser framover mot neste val. Så dette er eit dialogmøte der vi saman kan utvikle ei felles satsing, seier Uddu.












