![]() |
Norges eldste korps manglar pengar

Landets eldste skulekorps, Møllergata skoles musikkorps kan bli nedlagt. Korpset har både instrument og born, men ikkje pengar til instruktør. Norges Musikkorps Forbund ser svært alvorleg på situasjonen.
Bilde: Skjermbilde frå nrk.no
Møllergata skoles musikkorps manglar pengar. Dette er landets eldste skulekorps. Dei har eksistert sidan 1901, men no kan det bli historie, fortel NRK Østlandssendingen.
Ikkje pengar igjen
Rektor og styremedlem i korpset, Alf Thomas Ringdal seier korpset har levd på pengar frå skulen då dei var Oslo indre øst, men dei er no vekke og skulen har ikkje midlar lenger til å støtte korpset.
Ringdal er redd mange vil ta borna ut av korpset dersom det blir for mykje innsats frå foreldra. Mankoen er på vel 200.000 kroner. Instrumenta har vore nedpakka i tre veker no, men styret håpar dei klarer å få inn dei 200.000 kronene det kostar å drive korpset. Elles kan det bli kroken på døra.
Ikkje råd å misse dette korpset
Norges Musikkorps Forbund ser svært alvorleg på situasjonen.
- Vi har ikkje råd til å misse landets, og kanskje verdas eldste skulekorps, seier kommunikasjonssjef Stig Ryland.
Må finne ei løysing
- Møllergata er det største multikulturelle korpset vi har i Norge, og dei erfaringane som er gjort med å gjere korps til ein flott aktivitet for minoritetar, er noko vi må ta vare på vidare. Vi følgjer utviklinga på Møllergata tett dei neste vekene og vil gå i dialog med både politikarar og skuleleiing for å finne ut kva vi kan gjere saman. Noko kan løysast kortsiktig, medan andre ting må vi jobbe med over tid, seier Ryland.












