![]() |
Ny musikk til minne om Utøya-offera

Oppdraget er heilt spesielt. Komponist og musikar Jan Magne Førde har laga eit splitter nytt musikkstykke til minne om dei omkomne etter terroren på Utøya 22. juli 2011. "Never again" blir utgitt på CD og skal framførast i Olavshallen 5. februar.
Bilde: Utsnitt av cd-coveret/Håkon Bleken
- Eg fekk ein telefon med spørsmål om å skrive eit musikkstykke til minne om Håkon Ødegaard som miste livet i terrorangrepet på Utøya 22. juli i fjor, seier Jan Magne Førde.
Det var far til Håkon, Tor Ødegaard som spurde. Familien ønskte å lage ein hyllest til Utøya-offera, både dei som kom heim og dei som ikkje gjorde det. Storesøstera Ida kom frå Utøya med livet i behald. Alle i familien er korpsmusikarar. For Håkon var musikken sjølve livet. Han spelte tuba, bassgitar og gitar, og var genuint interessert i god musisering på tvers av sjanger. Han brann for å vere på arenaer der musikkinteressa kunne delast.
Ærefullt oppdrag
Musikar og komponist Jan Magne Førde frå The Brazz Brothers tok tak i oppdraget med ærefrykt.
- Det fyrste som slo meg var at eg var veldig redd for å ta tak i det. Men det var eit fantastisk oppdrag. Musikk er stemning og kjensler, og historia er så sterk at det finst ikkje maken. Eg lovde å tenke på det ei veke, seier Førde.
Adrenalin-krefter
Og oppgåva var så spesiell at i løpet av tre dagar, hadde han eit utkast.
- Som musikar går du gjerne inn i ei boble for å vere kreativ, alle tankar kvernar, oppdraget kan ta frå ein time til eit halvt år. Det var mykje adrenalin i blodet som sette i gang skikkelege krefter. Og familien likte det eg presenterte for dei, seier Jan Magne.
CD-innspeling og urframføring
Dermed er det nye verket "Never again" så godt som ferdig. Stykket blir spelt inn på CD i fire ulike versjonar. For tida øver Byåsen skoles musikkorps og Nidaros Brass Band inn stykket til urframføring 5. februar i Olavshallen i Trondheim i samband med Trøndersk Mesterskap.
Korleis har det vore å jobbe med ein komposisjon med eit slikt bakteppe?
- Eg likar å fullføre dei prosjekta eg startar på, skikkeleg. Det har vore ein spennande periode og musikken veks og utviklar seg alt etter kor mange, og kva musikarar du koplar på. Det er herleg når dyktige musikarar legg på sin smak og musikken tar nye retningar. Det blir flott, seier Førde. Og framføringa i Olavshallen i februar har eg hatt med meg medan eg skreiv låta.
Sjølve melodien viktigast
Førde reflekterer over det han har laga. Låten treng ifølgje komponisten litt tid og det er fyrst og fremst sjølve melodien som er viktig. Oppgåva frå Håkons familie var at dette skulle vere eit bruks-stykke for både korps, piano, gitar og ungar på musikkskulen, noko som betyr at det ikkje kan vere teknisk vanskeleg.
Proffe musikarar er med
- Sjølve musikkstykket er enkelt. Det er vanskeleg å lage det enkelt utan at det blir banalt. Samtidig skal det vere utfordrande også for vaksne musikarar, seier Førde som har fått med seg topp-musikarar som Vigleik Storås, ein av Skandinavias mest aktive og respekterte jazzpianistar, Kenneth Ekornes, slagverkar og perkusjonist og den kritikarroste dansk-norske trioen Hot N Spicy. I tillegg spelar Luftforsvarets Musikkorps ein versjon på CD-en.
- Eg trur det er ein robust komposisjon som kan brukast overalt, seier Førde.
Speler sjølv saman med korpsa
Komponisten skal sjølv vere med å framføre stykket. Han har vore på øving med Byåsen skoles musikkorps. Dei var fire tubaer, utan Håkon er dei berre tre tilbake. Førde gler seg til urframføringa.
- Dei er kjempeflinke, seier han. Stykket begynner stille med Førde på trompet saman med alle klarinettane, så kjem fleire og fleire instrument med, der dei bygger lag på lag. Her er sjansane store for at dei får til eit skikkeleg musikalsk løft.
Viktig og rett
-Eg har prøvd å balansere stykket, med kraft utan at det blir for trist, med eit spenn og energi som kan sjå framover. Det kjentes rett og slett viktig og riktig som komponist og musikar å gjere dette, avsluttar Førde.
Musikk byggjer vegen vidare
Familien er glad for at ideen no er realisert, og at den kan delast med mange.
- Musikken er der for oss når orda ikkje strekk til. Vi trur at kreativitet og samspel i musikken kan hjelpe til med å bygge vegen vidare. Vårt håp er at musikken kan bety noko for alle som har kjent på urettferd og vore utrygge, og gje støtte, trøyst, inspirasjon og framtidshåp, skriv dei på omslaget til CD-plata.
CD-plata er støtta av Håkons minnefond. Prosjektet er også støtta av det haldningsskapande samarbeidsprosjekt Born to play, mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping.












