Nye deltakarar til Sør-Afrika

Seks nye deltakarar frå Norge er klare til å reise til Sør-Afrika i juni. Fem nye deltakarar frå Sør-Afrika er klare for å reise motsett veg, til Norge.

For fyrste gong er det heile elleve deltakarar i prosjektet, Band Crossing Borders, BCB. Prosjektet er fullfinansiert gjennom eit samarbeid med Fredskorpset, og Norges Musikkorps Forbund (NMF) har fått ja på søknaden til Fredskorpset om å auke talet på norske lærarar.

Sidan 2001 har NMF og den sørafrikanske musikkorganisasjonen Field Band Foundation, utveksla musikklærarar mellom dei to landa. Til hausten blir det stor jubileumsmarkering i Johannesburg.

Fra 8. juni – 22.juni skal deltakarane møtast i Etiopia på førebuingskurs i regi av Fredskorpset.

Nordmennene reiser etter det direkte til Sør-Afrika der dei skal jobbe i forskjellige band i heile juli.  I midten av august startar dei undervisninga på FBF Academy.

Sørafrikanarane landar i Norge 15. august. Skulestart på Toneheim Folkehøygskole er 27. august. Etter det går det slag i slag med fullt og hektisk program.

Dei norske er:
Anne Oksfjellelv (23), trompet
Maria Karlsson (27), trompet
Thomas Swatland (25), trombone
Oda Salthammer (23), euphonium
Hanne Cecilie Webb (28), piano/musikkterapaut
Jaran Lienig (27), slagverk (Han er med i teamet som 2. årsdeltaker)

Dei sørafrikanske er:
Hlanganani Biyela (24), Durban, slagverk
Ndabo Bombo (21), Durban, trompet
Dingaan Chabalala (20), Kimberley, trompet
Justin Rondganger (24), Port Elizabeth, melodisk slagverk
Simvile Jamani (23), East London, euphonium

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering