Pizza til produksjonsselskapet

Litt mat i magen må til når dei sit pal i åtte timar i produksjonsrommet. Buss og Media produserer 18 timar nett-TV med seks personar.

Produksjonsselskapet Buss og Media frå Nordhordland har reist i mange timar til Trondheim og rigga i vel så mange timar. Aleksander Flatøy tar seg av lyden. Jon Ingar Kjenes er sjefen, medan Eugen Lillelid snakkar med dei tre kamerafolka inne i salen. Han gir beskjedar om kva dei skal filme.

-Nei, der er det ingenting som skjer. Søk mot horna mot venstre. Dei spelar, seier Lillelid. Kamera to er på.

I det mørke, vesle rommet, forbi alle trekte straumkablar og leidningar sit dei tre karane. Humøret er på topp, og det same er konsentrasjonen. Dei fire skjermane er sirleg stabla oppå kvarandre, lyden frå pc-en og miksebordet blir skrudd ned. - Lyden må opp, seier Jon Ingar. Tilsvaret frå lydmannen kjem raskt. - Eg har ikkje vore borti noko!

Midt oppi heile situasjonen har dei nettsida til Pizzabakeren oppe. Det må mat til for å klare å halde konsentrasjonen oppe. Då er det lurt å bestille mat før magen skrik altfor mykje, seier Kjenes.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Kim Systad

Denne uken kan du se og høre Kim Systad på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering