![]() |
Rekordpåmelding til Hordablæsten

Det er mange som vil vere med på årets Hordablæsten 12. og 13. mars i Bergen. Tala er fantastisk gode og viser kor stor korpsinteressa er i Hordaland.
Hordablæsten 2011 er like rundt hjørnet. Dette er den største musikkonkurransen for skule- og generasjonskorps, ensemble og solistar i Hordaland i regi av NMF Hordaland. Og i år er det ekstra stor påmelding. Det er meldt på 282 solistar, 117 ensembler, 48 korps og 265 aspirantar!
Supergøy
-Det har aldri vore så mange ensembler og solistar med før. Det seier dagleg leiar i NMF Hordaland, Randi Kvinge.
-Dette blir ei superintens helg med mykje spel og musikk og eg trur det blir ei skikkeleg oppleving for deltakarane fordi det meste skjer i Grieghallen og Bergen kulturskule like ved, seier nestleiar i Eikanger-Bjørvsik Musikklag, Viggo Bjørge. Alle som skal ha piano-akkompagnement får spele med gode piano, og det er bra, seier han.
Aktivitet i foajeen
Arrangøren vil skape eit miljø med liv og røre i foajeen der korpsa og utøvarane får spele og opptre. Her blir det innslag frå kulturskulen, Manger folkehøgskule og vil nokon av dei som har vore i elden inne i salen spele låten sin ein gong til, så får dei tilbod om det. Her blir det også ei form for torg der utøvarane blir oppfordra til å henge opp annonse, og få til ein kjøp, sal og byttemarknad. – Ein fin sosial ting, håpar Bjørge.
Fullt hus og stormande jubel
Festkonserten søndag ettermiddag er det største som skjer. Bjørge ser veldig fram til den. Det er langt fleire deltakarar enn det er plass til i festsalen. Men nokon av korpsa reiser tidlegare heim, medan aspirantane sit på tribunar på scena. Bjørge oppfordrar korpsa som ikkje skal vere med på festkonserten om å melde frå.
Gler seg
100 trombonistar skal spele den kjente amerikanske marsjen “Seventy-six Trombones” saman med Eikanger-Bjørsvik. Dette blir spennande og ein slik festkonsert som dette er det kjekkaste som finst, meiner Bjørge. I tillegg skal 265 aspirantar spele to nye arrangement spesiallaga for dei. -Det blir gøy og vi skal akkompagnere dei, sprudlar Bjørge.
Kjendis til blæsten
Stjernetrompetist og Born to play-ambassadør,Tine Thing Helseth, kjem for å vere solist med Eikanger-Bjørsvik på festkonserten søndag ettermiddag. Ho skal også dele ut prisen "Årets miljøskaper 2011". Dette er ein pris som blir delt ut i regi av Born To play, som er NMF og Norsk Tipping sitt haldningsskapande program.
Stort arrangement
Arrangementet går over to dagar og blir arrangert i Grieghallen og på Bergen Kulturskule. Det er mange i sving for å få arrangementet i mål. Vi er ei kjerne på 6-7 personar, men heile korpset er med, pluss 50 utanom. Totalt er vi 78-80 i sving, seier Bjørge. Han legg til at dei har god dugnadshjelp i samarbeidskorpsa, Knarvik Skulekorps, Kløvheim Skulekorps og Skodvin Skulemusikk.












