Salza-musikk under NM janitsjar

Av: Olga Wergeland

I Lottodivisjonen kan alt gå an. Østerdølenes Musikkorps er også i år påmeldt til Lottodivisjonen under NM janitsjar i Trondheim. Laurdag hadde dei kick-off-øving med salza-instruktør.

Bilde: Delar av Østerdølenes Musikkorps 2011

Rundt 35 utflytte østerdølingar utgjer Østerdølenes Musikkorps i Oslo. I år feirar dei 25-års jubileum og gjer seg klare til å bli med i Lottodivisjonen under NM janitsjar i mars.

Kick-off

- Vi er ein gjeng som har halde saman sidan vi flytta til Oslo som ungdommar og no øver vi på repertoaret. I helga hadde vi kick-off, som vi kalla "caramba", med innleigd band og salza-musikk. Det seier pr.ansvarleg i korpset, Anne-Beate Stenstøen.

Blir det dans på scena i år då kanskje?

- Ja, vi får sjå om det blir dansetrinn på scena. Vi leigde inn ein salza-instruktør, dansa og hadde det i alle fall veldig gøy, seier Anne Beate.

Bilde: Resten av musikkorpset frå i fjor - då var Afrika temaet.

Eige sideevent til NM

Norsk Tipping har bestemt seg for at dei vil satse på Lottodivisjonen som ein eigen sideevent til NM for janitsjarkorps i Trondheim også i år. I Lottodivisjonen kan korpsa vinne uten å vere best og vinnarsjansen er like stor anten du spelar Mozart eller Vamp.

Speleglede og uskuldig moro

Ideen om å få til ein slik divisjon dukka opp då NMF og Norsk Tipping tenkte på kva som var felles for dei to organisasjonane. Dei aller fleste oppgir speleglede som grunnen til at dei spelar i korps. Det er det sosiale, den uskuldige moroa, som å spele Lotto. Akkurat som i Lotto, er det trekning av vinnaren i Lottodivisjonen.

Mange påmelde

Og divisjonen for sprelske takter har hatt stor pågang.

- Eg er glad for at Norsk Tipping er så glad i meisterskapet vårt, og at dei vil ha sin eigen «event», seier prosjektleiar for NM janitsjar, Håvard Hinsverk.

- Og eg blir ekstra glad når det i tillegg er så stor interesse for Lottodivisjonen ute blant korpsa. Ja, så stor at rammene er sprengt. I år har vi måtte avvise korps som ville vere med i den divisjonen, seier prosjektleiaren.  

Anleis førestilling

- Vi er veldig glade for at det blei Lottodivisjon denne gongen også, seier Anne-Beate i Østerdølenes Musikkorps. Målet deira er ei førestilling med musikk og teater.

På bloggen deira kan du lese og følgje med dei.

Korps som improviserer

- Ettersom dei jobbar mykje med improvisasjon og skal vidareutvikle dette, passar vi likesom ikkje så godt inn i vanleg NM-konkurranse. Derfor er Lotto midt i blinken, seier Stenstøen.

Mykje jobb

Med ein ekstra underhaldningsdivisjon i tillegg til dei sju andre divisjonane, blir det travelt for arrangøren.

-Det er klart det blir ekstra jobb, men det er berre kjekt det, og går heilt fint, seier Hinsverk.

Prosjektleiaren seier alt er i rute til arrangementet som går av stabelen i Trondheim 23. – 25. mars.



Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering