Samspel

Det finst dei som seier at jorda er flat. Det finst dei som trur at dei har svaret på alt. Det finst dei som hevdar at Beatles ikkje laga fin musikk.

Det finst til og med dei som meinar at korps ikkje skal samarbeide med andre. Korps skal berre spele marsjar, seier dei.

Dette er sjølvsagt feil, alt saman. Jorda er rund, ingen veit alt, Beatles var best, og korps må sjølvsagt spele saman med andre artistar og grupper. Korps må få prøve seg på ulike sjangrar. Sjølv John Philip Sousa hadde blitt lei om at han berre skulle spelt marsjar.

Då eg for mange år sidan prøvde å lage lyd i b-kornetten min i skulemusikken, var det stor stas dei gongene vi fekk spele anna enn marsjar. Evergreens og enkle popsongar, ja sjølv ein julesalme gjorde livet lettare. Då kunne Promotion og dei andre marsjane kvile saman med ventilolja i den raude veluren. Eg vil ikkje hardnakka påstå at korpsversjonane av Time After Time alltid er betre enn Cyndi Lauper sin original, eller at Europe sin versjon av The Final Countdown står tilbake for enkelte korpsvariantar, men likevel. Variasjon må til.

No er det mange år sidan eg slutta å laga feite fingermerke på messingen. Eg slutta i korpset og kasta meg på populærmusikken. Så veldig planlagt var det nok ikkje, men brått sat eg der med eit populærorkester. Og vi har vore i den heldige situasjonen at vi har fått spele med ordentlege korps. Før eg kjem inn på korleis dei samarbeida har gått, må eg seie litt om populærorkesteret eg er medlem av, for det finst faktisk dei som av ein eller annan absurd grunn ikkje har høyrt om oss.

Vi heiter Finn-Erix. Eg syng og spelar rytmeegg ( Det er ikkje så lett som det høyrest ut til.) Halvor spelar bass og fagott, (Han byrja å spele fagott for å få drag på damene!) og Odd-Erik spelar stove-orgel med rytmeboks (Det syng forresten på siste verset, så om nokon har ståande eit Solina Combomatic 310, ta kontakt.)

Vi spelar songar vi har laga sjølv, men mest tolkar og forbetrar vi andre sine komposisjonar. Vi har gitt både Bjørn Eidsvåg og Deep Purple eit løft. Det heile går stort sett føre seg i stødig bossa nova-takt. Og om nokon ikkje likar musikken vår, er vi i det minste velkledde der vi står i dei raude velurdressane våre.

Til no i karrieren har vi blitt invitert til å spele saman med tre-fire korps. Mellom dei finn du det største korpset i Bergen, Bergen Filharmoniske Orkester. Det er vel strengt tatt ikkje eit korps, men dei gjorde i alle fall same nytten og dei har jo fleire blåsarar enn dei fleste vanlege korpsa.

Det er mektig å stå framfor eit av verdas eldste orkester. Ein kan lett bli audmjuk der ein står med rytmeegget og har kring 100 fantastiske musikarar i ryggen, men det unngjekk vi heldigvis.

Men det var eit ordentleg musikkorps, med langt færre medlemmar, som gav oss den vakraste opplevinga.

Vi blei altså invitert til å spele saman med dette korpset, som eg skal late vere anonyme (Dei held til på Vestlandet ein stad.). Dei hadde fått laga korpsarrangement til eit par av songane våre. No skulle vi øve saman, før publikum kom.

Vi sette i gang på likt. Rytmeboksen på orgelet gjekk stødig som fjell. Dirigenten veiva og korpset spelte popsongen vår. Men litt ut i andre vers var alt feil. Korpset og vi var i alle fall ikkje komne like langt ut i songen. Dirigenten (ein heidersmann) stoppa korpset, snudde seg mot oss og sa:

- De seinkar.

Vi ville sjølvsagt ikkje vere frekke, men prøvde å ymte frampå om at nett det ikkje var så sannsynleg. Og for å lette litt på stemninga, sa eg:

- Viss ikkje rytmeboksen held tempoet, må det vere ujamn straumtilførsel eller feil på leidningsnettet.

Dirigenten nikka alvorleg, såg på oss og sa:

- Ja, noko er det.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering