![]() |
Skap trivsel - vinn pengar!

Her er en flott sjanse for korpsa å gjere noko kreativt for lokalmiljøet. Du kan motta 50.000 kroner til eit lokalt trivselsprosjekt. Her er det berre å sette igang hjernecellene!
Med kampanjen ”Gode gjerninger” inviterer industriselskapet Serla Norges Musikkorps Forbund sine medlemskorps til å sende inn tips om eit lokalt prosjekt som kunne hatt nytte av 50.000 kroner for å bli realisert.
Ope for alle
Serla-selskapet skal investere 250.000 kroner til gode lokale formål i Norge denne hausten, i form av fem bidrag á 50.000 kroner. Kven som helst kan reigstrere eit bidrag der dei meiner det er behov for pengar til forbetring. Det kan vere alt frå nye drakter, uniformer til korpset eller til renovering av leikeplassen i nabolaget. Dei fem mest populære og gjennomførbare forslaga får 50.000 kroner kvar.
Kan vinne 50.000
Alt du treng er ein konkret idé på korles du kan gjere noko for å gjere lokalmiljøet ditt betre. Og du får sjansen til å motta 50.000 kroner for å gjennomføre prosjektet.
Alle kan stemme
Registrer oppdraget på kampanjesida til Serla. På denne nettsida kan alle som vil gå inn og stemme. Av dei 20 mest populære bidraga, vel juryen ut dei fem heldige vinnarane.












