![]() |
Stort familietreff
I kulissane spankulerer rundt 125 funksjonærar. Du ser dei i svarte skjorter med oransj band rundt nakken. Omlag 30 av dei er frå Jernbanens Musikkorps Trondheim.
- Hadde det ikkje vore for oss, hadde det ikkje vore noko NM her, fleipar Stein Jørstad og ler. Han stiller opp saman med kona og born på dugnad. Det er 20. gongen han er med å arrangerer NM i Trondheim. Eit arrangement som er blitt meir enn dobbelt så stort som då det starta.
Frå lite til stort
- Den gongen var det rundt 30 korps med som spelte på to scener. I dag er det 89 korps med i NM som spelar på fire ulike scener. Det krev eit godt dugnadapparat i kulissene. -Men det er jo neste som eit stort familietreff her, seier han. For det er ikkje berre han som har så godt som heile familien med. Også Elisabeth Einskar Ellevsen (bildet) har fire i familien med.
Mange timar jobb
Ho kan ikkje seie kor mange timar ho jobbar under eit NM, men det er ikkje få. Ho starta torsdag og er ferdig søndag kveld. - Men eg tar meg eit glas rødvin om kvelden. Då søv eg så godt og er opplagt til neste dag, smiler ho.
I dag slit dei med radiosambandet til dei andre funksjonærane. Dei ler og bytter batteri og håpar det beste.
Fleire med
Men Jørstad sitt korps er ikkje åleine. Både Byåsen Musikkorps, Nidarvoll Ungdomskorps og Klæbu Musikkorps stiller med ein gjeng dugnadsfolk.
Lottodivisjonen
I år bestemte Jernbanens Musikkorps Trondheim at dei ville vere med i Lottodivisjonen. Vi har årsmøtevedtak på at vi ikkje skal vere med å konkurrere, men dette ville vi vere med på, seier Jørstad. Han spelar basstrombone, medan kona valthorn.
Årleg tradisjon
- Eg har ikkje øvd i det heile og får kjeft av dottera som spelar fløyte. Men det gav meirsmak å spele. Dette kan vi godt gjere til ein tradisjon. Og spelinga i Lottodivisjnen var nøye planlagt for å unngå kollisjon med dugnadsjobben som må gjerast.
-Vi spelte til slutt, for då var det meste av funksjonærjobben gjort, seier Jørstad.












