Takk for det gamle, folkens...

Ja, ja da er mitt første år som bloggar over.

Eindel tull har eg fore med - men også litt til ettertanke håpar eg. Det ligg alltid litt alvor rundt, eller bak, humoristiske utfall.

I skrivande stund er all aktiv dirigering dette året ferdig. To små julespelingar for ein støttespelar og julaftan i kyrkja på trompeten. Deretter sler vel abstinensen inn, tenkjer eg.

Det nye året er med i tankane. Litt noteskriving og partiturlesing vert det nok plass til i romjula. Påfunna av meir eller mindre gode idear og saker til styret i Nordvest ligg også på beddingen. Det første, og største målet er korpskonferansen på HELL. Det vil nok gå mange tankar dit i romjula.

Familien da? Ja so klart. Dei skal få sin velfortente plass. Og hytta; vonar på eit par overnattingar der også.

Eg vil takka alle som har teke seg tid til å lese bloggane mine.

Takk også til alle kjekke korpsfolk eg har møtt dette året; først og fremst medlemmene i Årdalstangen Musikklag og Flåm Musikklag. Dernest aspirantar, SFO-elevar og kulturskuleelevar.

Eg gløymer heller ikkje alle kjekke medsamansvorne på Grått kurs og på dirigentkurset der Russel Gray var lærar.

Og de som sit i sentraladministarasjonen til NMF, styremedlemmer i NMF-Nordvest, Facebookvener samt tidlegare og nye kjennskapar frå Hellkonferansen og diverse seminar i året som gjekk.

Godt nytt år til alle saman. Snakkast i 2012.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering