![]() |
To sprudlande damer byter jobb

Dei tar det med godt humør, men mykje skal ordnast og tilretteleggast før dei to damene kan byte arbeidsoppgåver. Prosjektet Band Crossing Borders får framleis behalde to strålande arbeidarar.
- Eg må berre reise i morgon, uansett kor mykje det er å gjere. Eg reiser på naudpass og turistvisum fordi visumet mitt ikkje er klart. Det seier Marit Bakken, ny rektor ved akademiet i Sør-Afrika.
Byter jobb
Ho og Silvelin Havnevik har hatt kontroll på samarbeidsprosjektet Band Crossing Borders, Marit i Norge og Silvelin i Sør-Afrika. I desse dagar byter dei arbeidsoppgåver.
Marit tek over som rektor ved skulen i Sør-Afrika frå januar i år. Marit skal vere den adminstrative leiaren for akademiet, legge timeplanar, klargjere klasserom og ha informasjonsansvar for elevar og tilsette.
Mykje bagasje
Det er dette Silvelin Havnevik har gjort tidlegare, og no møtest dei over arbeidsbordet for å utveksle arbeidsoppgåver. Men i lunsjen står sjølve reisa i fokus.
- Eg har bestilt ein ekstra bag, ler Marit og kan ta med meg 20 kg ekstra.
- Ha, ha berre vent, det blir verre heim igjen, repliserer Silvelin. Eg hadde med meg 80 kilo heim igjen. Marit himlar med augene.
Dette blir bra
Beskjedane går mellom dei, skulen den fyrste veka, med seks nye norske lærarar og 30 studentar som skal lære seg musikk og samspel og gå opp til eksamen.
- Dette er neste veke, men kva skjer om tre månader? Marit innser at det er mange ting å sette seg inn i. Men ho gler seg. Forventningane til jobben og ikkje minst sommaren i Sør-Afrika er store.
God magekjensle
- Eg er ikkje noko vintermenneske, seier Marit. Sjølv om det er vemodig å reise frå familie, kollegaer og vener her heime, ser eg fram til å begynne. Magekjensla er god. Ho har sjølv, i kraft av å vere produsent for prosjektet i Norge, vore med å plukka ut dei seks norske lærarane.
- Dette blir eit kjempeflott team, seier ho. Ho skal vere med å sørge for at dei har det fint, dessutan er jobben dei norske gjer ein del av ein større heilskap.
Ein strålande jobb
- Her får vi oppleve at organisasjonen sitt arbeid er viktig, seier Marit. Men det er store sko som skal fyllast. Silvelin har gjort ein fabelaktig jobb. Vi hadde aldri vore der vi er i dag utan henne. Ho har betydd mykje, så eg kjenner på eit visst forventningspress, avsluttar Marit.
Silvelin er frå no av stasjonert på NMF sitt nasjonale kontor i Bergen.
- Det var forferdeleg trist å reise frå Sør-Afrika. Det var tyngre enn eg trudde, men likevel kjekt å kome heim og treffe vener og ikkje minst vere i eit arbeidsfellesskap der alt det tekniske fungerer, seier Silvelin.
Oppfølging i Norge
Silvelin skal frå januar vere prosjektleiar for BCB i Norge. Kvart år kjem fem afrikanarar til Toneheim folkehøgskule på Hamar. Dei har vore med i prosjektet i Sør-Afrika og får oppfølging, er med på aktivitetar og seminar for å formidle afrikansk musikk og kultur til norske korps.
- Det blir gøy å følgje opp Sør-Afrika-deltakarar her i Norge. Sørafrikanarane er flinke å sette pris på det vi gjer, seier Silvelin.
Mange e-postar
I løpet av dei to siste åra har ho og Marit vore sparringspartnarar, ringt og konferert mykje, men aldri sånn som dei siste dagane i Norge.
- Eg talde over epostane eg hadde sendt til Marit og kom til 37, seier Silvelin og ler, og då var ikkje ein gong dagen over.
Det at dei to no byter plass er udelt positivt, meiner begge to. Marit har tidlegare vore lærar i Sør-Afrika (2006-2008), medan Silvelin har vore administrativ leiar der i to periodar (2004-2005 og 2005-2007)
Diskuterer over landegrensene
- Vi er einsame på kvar vår plass, men kan diskutere med kvarandre. For prosjektet i Sør-Afrika er det utruleg bra å få ein som er godt kjent. Tilvenningsfasen blir kortare. Og det er lettare for meg å kome heim til ein jobb eg har hatt før. Eg må berre sette meg inn i nye måtar å gjere ting på, seier Silvelin og legg til at ho likar godt ting som blir avslutta.
Hektiske dagar
Det er to sprudlande damer som byter jobb. Silvelin og Marit strålar til vanleg. Dei to dagane saman på nasjonalt kontor i Bergen har vore hektiske. Papir, planar, oversikt, system og opplegg har gått som prosjektilar mellom dei to hovuda og ansikta viser at dei har mykje å få oversikt over.
- Men vi ler like mykje. Sånn sett har det ikkje mykje å seie kvar vi er, ler dei begge to.












