To trafikklys i eit kryss i eit hav av kjærleik og håp

Midt i dette kjærleikens og håpets hav av blomar, lys, helsingar, bøner og ønskjer framfor Domkyrkja i Oslo står det to trafikklys.

Dei lyser sin eige bodkap - eit bodskap som i denne tida får ei heilt anna tyding enn den opprinnelege.
Det raude lyset lyser lenge. Det seier stopp - stå i ro til det er klart.

Vanlegvis gjeld det trafikken; bussar, bilar, trikkar og travle folk. No seier det til oss at vi skal stoppe opp. Tenkje. Vente til det er klart. Varsellyset gir oss tid til å tenkje og planlegge kva vil gjere i neste omgang.

I eit lite sekund kjem det gule lyset på. Er du klar? Veit du kva du vil? Bestem deg no!

Det grøne lyset fortel oss om at no er det klar bane. Vanlegvis. Om nokon trassar det raude lyset frå ei anna retning inn i krysset har vi ingen kontroll på.

Straks vi får klar bane går eller køyrer vi i den retninga vi hadde tenkt oss, og velgjer den vegen der det er lov å køyre.

Så har vi lagt krysset bak oss. Men ikkje dette krysset. Denne plassen har for alltid brent seg inn i våre sinn.

Kvar gong vi kjem dit vil vi minnast tragedien.

Trafikklysa i krysset mellom Stortorget og Domkyrkja står der, ranke og rette, rolige og myndige og lyser med det grøne lyset nærast blomehavet.

Desse trafikklysa kunne stå som førebilder for alle som er leiarar i ei eller anna form.

Dei er sterke. Lyser tydeleg heile tida. Har vanlegvis heilt klare beskjedar. Er heile tida målretta. Og dei står på eit trygt og godt fundament.

No er fundamentet dekt med tru, håp og kjærleik. Dei orda som er dei sterkaste i all religion - ikkje berre den trusretninga som domkyrkja speglar.

Fred over minnet til dei omkomne.
Medkjensla med dei pårørande.
Omtanke med AUF, Det Norske Arbeidarparti, departement og regjering.
Stor respekt for arbeidet som våre redningsetatar, statlege og frivillige, har gjort og må gjere i framtida.

Årdalstangen, 22. juli 2011.
Oddgeir Øren

Etterord 31. juli 2011
Vel heimkomen frå Grått spelekurs på Ørsta, ser eg at 3 NMF'arar gikk bort i masskren. Mine tankar går no til dei som sit att. Den godt innarbeidde kurskonserten i gågata vart tona noko ned i høve til tidlegare år. Leirkorpset deltok i minnesermonien med «Gabriels obo».

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering