Tre generasjonar saman i eliten

Av: Olga Wergeland

Bestefar gav meg trygghet. Han smilte til meg og eg smilte tilbake før framføringa under NM janistsjar i Olavshallen.

Det seier Silje Knudsen Borge . Ho er 15 år og spelar saman med far, Harald Borge og bestefar Svein Borge i Sandvikens Ungdomskorps frå Bergen.

Ville vinne

- Eg spelte for å vinne, ler Silje. Ho synst det var kjempegøy å sitte attmed bestefar i klarinettrekka og spele i NM. Dei er nettopp ferdige på scena og litt rødmussen i kinna. Silje har spelt klarinett i Skjold skulemusikk i snart sju år. Ho synst det er stor forskjell å spele i eit vaksenkorps.

Musikk viktig

Harald Borge synst det er veldig stas å ha med dottera på NM. For musikk er viktig for familien. Det tar nesten all fritid, i tillegg til litt musikk på skulen der han er lærar.

Resirkulerte ungdommar

I Sandviken ungdomskorps spøker dei med at det er resirkulerte ungdomar som er medlemmer. Svein Borge er eldst og har spelt sidan han starta i Fridalen Skoles Musikkorps i 1954. Han dreg snittet opp, medan Silje dreg snittet ned, men vi har eit fint og sosialt miljø.

Ung og gammal

-Det er viktig, seier Harald Borge. Det er ikkkje nøye om vi er 66 eller 16. Takhøgda er stor. Vi godtar dei unge og deira synstpunkt, så har vi "muppet-show"-gjengen som passar på oss, ler han forsiktig og viser til faren og dei andre eldste.

No skal dei samlast og skryte litt av seg sjølve og dele dei gode opplevingane.

- Eg trur vi vinn, seier Silje entusiastisk igjen.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering