![]() |
UD skryt av samarbeidsprosjekt

- Dette er eit av dei mest vellukka prosjekta med kulturutveksling Norge har vore involvet i dei siste 20 åra. Det seier Jon Gerhard Larssen i UD til BT-Magasinet laurdag.
Gjennom dei siste ti åra har afrikanske musikklærarar fått ti tusen norske korpsmusikantar til å spele utan notar og danse med instrumentet. I Sør-AFrika har fattige born fått ein meiningsfull kvardag gjennom musikken. Samarbeidsprosjektet "Bands Crossing Borders", mellom Norges Musikkorps Forbund, Field Band Fondations i Sør-Afrika og Fredskorpset har gitt resultat.
Med på øving
BTMagasinet har vore på besøk hos Vestbygd Skule i Nordhordland og fekk med seg øving med lærarar frå Sør-Afrika. Justin Rondganger fortel at Field Band Foundation forandra livet hans, gav han framtidshåp og heldt han borte frå gata. I haust fekk han sjansen å kome til Norge.
Gje blaffen i notar
På muskkøvinga på Vestbygd skule på Meland jobbar han for å få korpsmusikantane til å slå seg lause, gje blaffen i notar og dyrke kreativiteten.
Meir innadvendte
- Dei har ein vegg rundt seg, er meir innandvendte enn unge i Sør-Afrika. Sikkert fordi dei ikkje er født med dansen i seg, seier Justin.
Utveksling
Korps står i kø for å få besøk av sørafrikanarane. Kvart år i ti år har instruktørar frå Sør-Afrika kome til Norge, mens dyktige musikklærarar frå Norges Musikkorps Forbund har reist motsett veg.
Men Justin augnar håp for dei norske.
- Energien born og unge har i seg er universell og grenselaus, seier han til BT sine utsendte.
Skryt av prosjektet
Seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet Jon Gerhard Larssen framhever også evna prosjektet har vist til å finne lokale finansieringskjelder og utvikle seg.
- I Norge har dette også vore til inspirasjon for norske korps i ei vanskeleg tid, seier Larsen til BTMagasinet.
Suksessprosjekt
- Dette er eit av dei lengstlevande utvekslingsprosjekta Fredskorpset er inne i. Det skuldast dei positive resultata og måten dei har forvalta gjensidigheit og likeverd mellom organsisasjonane på, mellom nord og sør, seier ho til avisa.
Prosjektleiar Stig Ryland i NMF trekkjer fram fornying gjennom samarbeidet.
- Vi viser at korps er meir mangfaldig enn det ein del nordmenn forbind med ordet. I tillegg har prosjektet inspirert oss til å satse meir på integrering. Musikk byggjer bru mellom ulike kulturar og gjer integrering i lokalsamfunn enklare, seier han til BTMagasinet.












