Ungdomsordførar vil gjere korps trendy

Fredag skal Ingvild Rygg på 18 år vere ordførar for ein dag i Asker kommune. I søknaden sin skreiv ho at ho ville snu utviklinga av korpsa, og ho ønskjer at det skal bli kult å gå i skulekorps igjen.

Bilde: Faksimile frå dn.no

Skuleelev Ingvild Rygg er ordførar for ein dag i Asker kommune i dag. I regi av Operasjon Dagsverk, OD overlet fleire toppleiarar stillingane sine til skuleelevar. Dette er ein ny trend som med hell er prøvd ut i Ungt Entreprenørskap tidlegare. No prøver også OD på det samme, og tanken er å få ungdommeleg input i bedrifter og omtale i media, skriv Dagens Næringsliv.

Ingvild var ein av mange søkjarar til ordførar-vikariatet i Asker kommune. Ho går tredje året på musikklinja på Rud vidaregåande skule og skal studere politikk i Storbritannina neste år.

- Det verka gøy å gjere noko anna enn det ein vanlegvis ville ha gjort på OD, seier Ingvild til DN.no. Og så er eg jo politisk interessert, og det er gøy å sjå sjølv korleis det faktisk fungerer, seier Rygg.

I søknaden måtte dei skrive kva dei ville gjere for ungdom her i landet. Ingvild skreiv at ho ville snu utviklinga av skulekorps og ønskjer at det skal bli kult å gå i skulekorps igjen. 

- Også meiner eg at vi må ha fleire arenaer der ungdom kan engasjere seg og få sagt kva dei meiner, seier Rygg til dn.no/talent.

 

 

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Aina Helgeland Davidsen

Denne uken kan du se og høre Aina Helgeland Davidsen på nett-tv.

Les merFlere talenter
Idium Portalserveridium webpublisering