Ut på vegen

Eg las ein stad at våren er positivt lada. Den er eit symbol på barndom og på å vakne opp. Våren er oppblomstring, stod det.

No skal ein ikkje tru alt ein les, mykje skal ein ta med ei klype salt. Eg har til dømes lese ein stad at cowboyane redda indianarane, og det kan då ikkje stemme? Eg trudde det var omvendt. Men dette med våren trur eg på. Det er eg einig i. Våren er positiv, og særleg om ein støyter på eit korps.

Våren er tida då øvingslokala kring i landet er proppfulle av spelesugne og marsjeringsmodne korps. Korpsa sit klare til når som helst å skyte ut frå dei harde trestolane og den dårlege innelufta. Dei skal ut i våren. Ut på asfalten og grusvegane. Ut for å setje spor på dei grøne plenane. Korpsa skal ut for å gi våren eit lydspor. Ut for å blande lyden av messing med fuglesong. Ut for å fortelje folk som enno er i tvil, at no er den endeleg her - no er det atter vår. No er det på tide å vakne opp.

Finst det noko finare enn lyden av eit korps som passerer nede på vegen? Dei treng ikkje spele fint, du treng ikkje ein gong høyre så godt kva dei spelar, men berre det at dei er der. Det er det viktige. Det er det vakre. At det går nokon der nede på vegen og spelar for deg. Fortel deg at no er vi her. Vi og våren.

Eg skal ikkje lyge på meg at eg er den største korpsfanatikaren her til lands. Platesamlinga mi er ikkje full av Sousa og Ole Edvard Antonsen. Eg legg ikkje opp dagen min etter Korpshalvtimen på radio. Men eg elskar korpsa om våren, som går der nede på vegen og spelar for meg. Men mykje vil ha meir, og eg skulle ønske dei gjorde det oftare. At eg tidt som det var kunne støyte på eit korps.

Eg meinar at norske korps burde marsjert mykje meir. Langt fleire korps skulle lagt fleire øvingar ut av huset. Ut på vegen. Kvifor berre gå ut og marsjere på 17. mai og nokre få andre dagar? For å seie det på ein annan måte; Ein treng vel ikkje ete pinnekjøt berre på julaftan?

Tenk på kor kjekt folk syns det er å sjå og høyre korps som spelar ute. Tenk på alle dei positive assosiasjonane det gir. Ein gledar folk og øver på same tid. Og ikkje minst; ein får god trim.

Trening er kjedeleg, eg trur ikkje på dei som hevdar noko anna. Men må ein først trimme, og det må ein visst, vil eg tru at marsjering er blant dei betre treningsformene. Langt betre enn jogging, symjing og benkpress.

Og med nokre marsjerte mil med messing, er ein langt betre rusta for dei krevjande turane som ventar i mai. Med det rette treningsopplegget veit den pollenallergiske trompetisten nøyaktig kor mykje medisin han må ta for å fungere saman med dei andre. Stortrommedama har gått inn dei nye skoa, og slepp engste seg for gnagsår. Uniformsjakka strammar ikkje like hardt kring brystet. Og den taktlause tubaisten held lett følgje med dei andre, og det ser ikkje lenger ut som han dansar jenka der han haltar av garde og fåfengt prøver å halde både takt og tuba på same tid.

Så oppfordringa er klar: Ikkje vent. Kom dykk ut. Plasser dirigenten ved grillen. Lat han stå klar med pølser og nyblanda saft. Gå ut på vegen. Spel. Ha det kjekt. Og fortel landet at no er det vår. No er det på tide å vakne opp.

Finn

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Sebastian Rotvoll

Denne uken kan du se og høre Sebastian Rotvoll på nett-tv.

Les merFlere talenter
Idium Portalserveridium webpublisering