![]() |
Vil du spele med denne gjengen?

Rogaland Ungdomskorps (RUK) hadde si første samling i Førre helga 9. - 11. september. Enkelte instrumentgrupper har framleis plass til fleire medlemmer.
Samlinga var den første denne sesongen, og også den første samlinga med Rune Hannisdal som dirigent. Helga vart avslutta med ein hentekonsert, der også vertskorpset Førre Musikkorps var med.
RUK er eit janitsjarkorps med tilnærma full besetning, men for å styrke korpset endå meir kunne vi tenkt oss fleire medlemmer på kornett/trompet, klarinett og horn. For å spele i RUK må du vere 15 år.
Er dette noko du kunne tenke deg, ta kontakt med jonas@musikkorps.no, så kan vi snakkast nærare om å få til eit prøvespel/intervju. Tips også gjerne nokon du kjenner om denne artikkelen!
Les meir om RUK og sesongplanen 2011/12 her.












