Vinne kan vinne Lottodivisjonen

Vinne Musikkorps frå Lotto-bygda Verdal i Nord Trøndelag kan vinne Lottodivisjonen under NM janitsjar i Trondheim. Spørsmålet er om dei andre korpsa treng å stille opp i det heile tatt.

Ambisjonane til musikkorpset frå Verdal i Nord Trøndelag er ikkje like høge som folk rundt dei.

- Vi ønskjer ikkje noko fallhøgde seier Ole Gunnar Vestvik i Vinne Musikkorps. Derfor vil han ikkje uttale seg for bastant om ambisjonar om å vinne. Men delta i Lottodivisjonen skal korpset. Dei skal framføre Berkshire Overture - Prelude and Celebration. I tillegg spelar korpset i 6.divison med stykket Autobiography part Two av Robert Russel Bennet.

Nyvinning

Lottodivisjonen er ny av året og dei 10 korpsa som skal delta kan vinne pengepremiar frå Norsk Tipping. Nyvinninga er eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Gerd Holter i Norsk Tipping seier tanken bak er å gjere noko for dei korpsa som ikkje ønskjer ein så alvorsprega konkurranse.

Kaffekorps

Vinne Musikkorps vart stifta i 1893. Dei øver jamnt og trutt, men pause må dei ha undervegs, med både kaffi og kaker. Korpset har vore med i NM fire gongar tidlegare. I 1955 vart dei fyrste jentene med i korpset. I år er Christine Bays frå California med. Ho er AFS-student og spelar klarinett i skulekorpset heime.

- Det er meir seriøst her i korpset. Heime i California snakkar folk meir på øvingane, fortel ho til medlemsbladet ambis.

Vinnarflaks

Så spørst det då om dei øver for å kome høgt opp og fram i 6.divisjon eller om dei vinn Lottodivisjonen. Her skal det trekkast ut tre vinnarar som kan få 10.000, 5.000 eller 2.500 kroner.

Kanskje det hjelper å kome frå Lotto-bygda Verdal når det avgjerande loddet skal trekkast.

- Vinne kan vinne. Dei treng berre å ta med seg vinnarlykka Verdal er kjent for. Dei burde ha gode forutsetningar, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk.

 

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering