Vitamininnsprøyting de lux

Tre skulekorps i Oppland har hatt besøk av fem utvekslingsstudentar frå Sør-Afrika og ein tidlegare Bands Crossing Borders-student. Alle er fullstendig oppglødde og superentusiastiske etter besøket.

Dei tre skulekorpsa Tretten, Øyer og Ringebu-Fåvang har hatt besøk av utvekslingsstudentane Dingaan, Hlanganagi, Justin, Ndabo, Simvile og norske Eirin Haugland. Dei rundt 50 musikantane har fått ei oppleving som held langt inn i vintermørkret.  

Vitamininnsprøyting

- No har vi hatt Eirin og fem sør-afrikanarar på besøk, og det var fantastisk morosamt, lærerikt og hyggeleg. Eg er sikkert på at dette var ei vitamininnsprøytning for alle, seier  Torbjørn Nordgård i Tretten skolekorps. Han takkar for den flotte jobben dei har gjort. Lærarane var flotte karar og gode musikarar.

Hjelp til rekruttering

- Dottera mi var med og ho synst det var kjempemoro, og på øvinga måndag snakka alle om opplevinga. Det er ikkje berre lett å danse og spele samtidig, seier Nordgård. Han fortel at dei skal bruke ein av melodiane i eit rekrutteringstiltak på skulen denne veka.

Elevar på Toneheim

Dei fem frå Sør-Afrika er utvekslingsstudentar på Toneheim Folkehøgskole og kom til Norge for omlag ein månad sidan. Dingaan Chabalala er ein av dei og han fortel at dei såg veldig fram til å møte musikantane i dei tre skulekorpsa.

To ting på ein gong

- Det var fint å møte dei, seier han. Vi lærte dei afrikanske sangar, dansar og alle både dansa og spelte på same tid. Han seier musikantane var litt reserverte i starten, men likte det godt etterkvart. Dingaan spelar sjølv trompet og synst det han har opplevd av Norge så langt er fint.

Vil ha nytt besøk

Dei omlag 50 musikantane i Tretten, Øyer og Ringebu-Fåvang skolekorps brukte to dagar i haustferien til møtet med dei frem musikarane og afrikansk kultur. Dette gjer vi gjerne igjen, seier Nordgård som legg til at dei to andre korpsa også synst det var ei strålande oppleving.

Eirin Haugland har vore utvekslingsstudent i Sør-Afrika 2010/11. Ho var med som den norske representanten.

Nordgård har gjort opptak av avslutningskonserten på YouTube. To innslag er klare, og fleire kjem.

 

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering