Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Eikanger-Bjørsvik Musikklag er opptatt av rekruttering og talentutvikling for unge musikantar. I mai 2009 vart korpset Born to play-ambassadør, og arbeider for å fremja gode haldningar i korps.

Eikanger-Bjørsvik som kjem frå Nordhordland har vore eitt av dei leiande brassbanda i Europa. Stor spennvidde i repertoaret framført med høg musikalsk kvalitet har gjort ensemblet kjend langt utover landegrensene.

Dei siste åra har Eikanger-Bjørsvik tatt nye steg framover. Ensemblet har fått ein plass i festivalar som aldri før har prioritert korps: I 2002 framførte dei "Lux Aeterna" med dansekompaniet Carte Blanche under Festspillene i Bergen. Balletten av Jo Strømgren var opningsforestilling i festivalen og fekk særs gode kritikkar. Framsyninga var òg sett opp i Sandnes i Rogaland og under Olavsdagene i Trondheim same år. Eikanger-Bjørsvik har i seinare år vore på programmet i Vossajazz, Autunnalen – festival for ny musikk, Dei Nynorske Festspela, Mediefestivalen i Bergen og Saddleworth Festival of Music and Arts.

I 2003 ga Eikanger-Bjørsvik ut cd-en "Art of the States", i 2005 "Tales & Stories". Det var den 11. og 12. plateinnspelinga i korpset si historie og var milepælar: For første gong var all musikken arrangert og tilrettelagd av medlemer i korpset sjølv, arrangert av EBML-musikarane Frode Rydland, Svein H. Giske og EBML-dirigent Reid Gilje. I 2006 ga EBML ut "20 Supreme Years" med Howard Snell og "Chatham Dances" med Elgar Howarth.

Forutan Norge har korpset turnert i England, Skottland, Wales, Danmark, Sveits, Nederland og Belgia. Nye turnear er under planleggjing.

Eikanger-Bjørsvik er det meistvinnande brassbandet i Norge. 9 NM-titlar, 2 EM-titlar, 12 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass, 2 triumfar i TV-konkurransen Resonans har ensemblet bokført.

Eikanger-Bjørsvik engasjerer seg sterkt i korpsrørsla i Nordhordland. Dei aller fleste skulekorps i området har dirigentar som er knytt til EBML. Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro. Ved siste samling var meir enn 70 musikantar på plass.

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering