![]() |
Å bygge korpset

Korpsbyggarprosjektet er igang frå 1. januar 2012. Målet er at Norges Musikkorps Forbund skal gjere korpset ditt litt betre kvar gong det øver.
I mars 2011 tilsette NMF Per Einar Fon som korpsbyggar. I januar 2012 vart Trond Brenne også tilsett som korpsbyggar.
Ein betre korpskvardag
- Prosjektet "korpsbygging" er fyrst og fremst retta mot korpsa ute i det ganske land som treng ekstra støtte og oppfølging i korpskvardagen, seier Per Einar Fon.
Han har jobba med opplegget i snart eit år, medan Trond Brenne no skal leie NMF sitt arbeid med opplæring med hovudvekt på kulturskulesamarbeidet, samarbeid skule/SFO og korpsbygging.
I Startpakken som vart lansert i oktober 2011, heiter det "Korleis bygge eit korps innanfrå". Det korpsa får presentert der, skal korpsbyggarane i NMF hjelpe til med. Dette er nedfelt i NMF sin handlingsplan for 2011-2014.
Korpsbygging omfattar tre område.
1. Bli betre - få det betre. Dette er eit prosjekt over to år som har starta opp i NMF Hordaland, NMF Sør og NMF Nord-Norge.
2. Det haldningsskapande programmet, Born to play er allereie igang over heile landet
3. Temakveldar - som består av fire kveldar og starta opp ved nyttår 2012.
Andre har fått det til
Bakgrunnen for korpsbyggarprosjektet er rapporten "Når hornet er lagt på hylla." Her sler Telemarkforskinga fast at medlemstalet i NMF går nedover. Dette er ikkje noko unikt for korpsrørsla, men skjer også i andre frivillige organisasjonar. Også dei har sett igang liknande prosessar, med suksess.
I løpet av det fyrste innkøyringsåret 2011 er det sett ned ei prosjektgruppe med både interne og eksterne folk. Ein del personar er valt ut til å vere rettleiarar innan dei ulike tema-områda.
Korpsa må lykkast
- Visst dette skal lykkast, må korpsa få det betre. Eit parameter på korleis det står til i korpset er musikalsk kvalitet, kor mange medlemmer startar eller sluttar, og korleis er humøret i korpset, seier Fon.
Bestill hjelp
I praksis føregår det slik at korpsa "bestiller" det dei har bruk for. I startfasen plukkar korpsbyggarane ut korps. Men det er viktig at korps som skal i gang med dette er motiverte og klare for oppgåva. Korpset må ønskje å utvikle seg, lage handlingsplanar og ta konsekvensen av nye mål som blir definert i korpset.
Gratis
Dette er ei støtte og forhåpentlegvis ei oppbacking for å gjere det lettare å drive korps i kvar bygd og by. Og det er heilt gratis for korpset.
- Dette skal ikkje koste noko. NMF er til for korpsa og korpsa skal ikkje ha noko utgift med dette, seier "korpsbyggar" Per Einar Fon.
Om du vil vite meir, kan du ta kontakt med NMF sin daglege leiar i din region.












