Heidra Håkon sitt minne

Det var stappfullt og fantastisk stemning i Olavshallen under minnekonserten søndag kveld. Det nykomponerte musikkstykket "Never again», er skrive for å hylle omkomne og overlevande etter den ufattelege tragedien på Utøya 22. juli.

Komponist Jan Magne Førde fekk i oppdrag å skrive eit musikkstykke til minne om Utøya-offera. Foreldra til Håkon Ødegaard laga eit minnefond og ville ha eit minnesmerke over Håkon.

I dag vart musikkverket framført i Olavshallen.

- Musikken skal vere ein hyllest av alle ungdomane som var på Utøya, både dei som døde og dei som kom heim igjen. Mange andre har og mista sine kjære i løpet av året som gjekk. Kanskje også dei kan finne trøyst og styrke i musikken, seier Tor Ødegaard, far til Håkon til Adressa.no

Her kan du høyre "Never again" i originalversjonen.

Sidan 22. juli har familien stått midt i sorga over sonen dei mista og gleda over dottera dei fekk heim igjen.

Full av framtidshåp

– Musikken er så flott, så full av framtidshåp. Heilt sidan i haust har eg kjent på gleda over at vi kom på å gjere dette. Å gje noko til andre kjennest meiningsfullt, midt i det meiningslause, seier Håkon si mor, Hanne Kvam Ødegaard.

Både ho og Tor spelar i Nidaros Brass Band som framførde verket i Olavshallen søndag, saman med Byåsen skoles musikkorps.

Full Olavshall

- Det var stappfullt og fantastisk steming i Olavshallen søndag, seier dagle leiar i NMF Trøndelag Karsten Selseth Landrø.

Det var mange inviterte, blant dei AUF-leiaren Eskil Pedersen.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering