![]() |
Ikkje gje blaffen - bry deg

Eit av dei tre områda korpset byggjer grunnpilaren sin på er haldningar. Born to play, eller haldningsskapande arbeid er starta i enkelte korps allereie hausten 2011.
Målet med satsinga på haldningsskapande arbeid er å skape musikalsk utvikling i korpset ved å etablere gode haldningar i skulekorps, amatørkorps og drillkorps.
To kveldar a tre timar
Ideen er å sette av to korpskveldar, ein om hausten og ein om våren, tre timar kvar kveld, i det same korpset. Desse to kveldane får korpset besøk av ein rettleiar. Rettleiaren vil setje fokus på kva som er bra med korpset og kva som kan gjerast betre.
Gule lappar
Konkret ligg det gule lappar i løypa. Her skal det noterast, diskuterast, korpsmedlemmene set opp ei punktliste på maks seks punkt som skal følgjast opp. Alle må ha eigarskap til lista og leiar har ansvar for at den blir følgd.
Tre satsingsområde
Kveld to blir følgd opp ve at korpsmedlemmer blir stilt spørsmål om kva som er blitt betre sidan sist kveld med rettleiaren. Det blir diskusjon også her og medlemmene lagar liste over kva som skal følgjast opp vidare. Diskusjonen skal ende opp i tre konkrete ting som korpset vil satse på.
Bevisst fokus
Gratis
Rettleiarane er 12 i talet så langt og hadde sitt fyrste møte i oktober. Alle tilbod om rettleiing og oppfølging er gratis for korpset. Korpset må sjå kva behov dei har og så bestille. Regionane i NMF kan også tilby korps dette, og plukke av tilbodet som NMF har.
Det er grunnarbeidet som tel. Lykke til, både til korps, drillarar og rettleiarar.












