Klart for minnekonsert i Olavshallen

Alt er klappa og klart til minnekonsert i Olavshallen i Trondheim søndag 5. februar. Byåsen skoles musikkorps og Nidaros Brass Band skal framføre "Never again" til minne om Utøya-offera. AUF-leiaren kjem for å delta.

Bilde: Frå coveret til CD-plata/Håkon Bleken

Eit splittert nytt musikkstykke til minne om dei omkome etter terroren på Utøya 22. juli skal framførast i Olavshallen søndag 5. februar. Komponist Jan Magne Førde frå The Brazz Brothers fekk oppdraget frå foreldra til Håkon Ødegaard som miste livet i terrorangrepet, eit angrep som kosta 69 menneskeliv. 

Mange inviterte

AUF-leiar Eskild Pedersen er ein av fleire inviterte gjestar. Han fekk vite om konserten via Håkon si søster, Ida Ødegaard, som overlevde massakren.

- Sjølv om dei vart rivne frå oss lever dei enno gjennom dei minna vi har og kven dei var. For Håkon var musikken utruleg viktig. Derfor kan eg ikkje tenke meg ein meir verdig og fin måte å heidre han på, seier Pedersen. Forventningane til opplevinga søndag er store.

Sterk og fin oppleving

- Eg trur konserten blir veldig sterk å vere med på, med ei så spesiell ramme. Men eg trur og det blir fint å dele opplevinga med familien, dei som kjende Håkon og sikkert mange AUF-arar, seier Pedersen.

Musikk der ord ikkje strekk til

Ungdommar på AUF sin sommarleir på Utøya som kom frå det med livet i behald har minner som aldri heilt vil gro, men som må bearbeidast. Familien til Håkon trur musikken er der for oss når orda ikkje strekk til. AUF-leiaren samstemmer og seier musikk kan lindre smerta.

Minne som kan gje håp

- Musikk er ofte viktig for oss menneske i ein slik situasjon. Eg håpar musikkverket kan vere eit minne som kan vare, og eit minne som kan gje oss håp til å fortsette liva våre. Sjå berre på minnekonserten frå Oslo spektrum. Eg trur den var eit viktig ledd i å bearbeide det som hende. Nokre av sangane har hjelpt mange gjennom ei tøff tid, og gitt dei håp til å satse på framtida.

Klappa og klart

Konserten søndag skjer i samband med Trøndersk Mesterskap. Dagleg leiar i NMF Trøndelag Karsten Selseth Landrø har god kontorll.

- Ja, det meste er klart til konserten søndag. Det gler oss at inviterte gjestar som AUF-leiar Eskild Pedersen har takka ja til å kome. Dette blir ei sterk oppleving og viktig minne for dei overlevande, familiane og korpsa som framfører stykket, seier Landrø.

CD-plate

Verket "Never again" blir utgitt på CD i fire ulike versjonar. Coveret har kunstnaren Håkon Bleken laga. CD-plata er støtta av Håkons minnefond, og også av det haldningsskapande samarbeidsprosjektet Born to play, mellom Norsk Tipping og Norges Musikkorps Forbund.

AUF-leiaren har ikkje sjølv spelt i korps, men veit kor viktig korps er som ein fritidsaktivitet for veldig mange i Norge. Han vil absolutt kjøpe plata, og kjem med ei klar melding.

- Eg vil oppfordre alle andre til å kjøpe CD-en også, avsluttar han.

Konserten startar kl.1900 i Olavshallen.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering