![]() |
Korps får heider og ære

Fleire korps har i år fått kommunen sin kulturpris. Nøtterøy skolekorps og Melbo Musikkforening er blant dei som har fått pris i år, medan Alta skolekorps har fått kommunen sitt kulturstipend.
Alta skolekorps er tildelt Alta kommunes kulturstipend 2011. I tillegg til eit fint diplom er stipendet på 30.000 kroner.
Pris til Nøtterøy skolekorps
Nøtterøy skolekorps med 106 medlemmer har fått Nøtterøy sin kulturpris i år. Dette er Norges fjerde største skulekorps. Seniorkoprset på Nøtterøy er blitt norgesmeistrar i gatemarsj tre gongar og er regjerande meister. Så skulekorpsmedlemmene har noko å strekke seg etter.
Eige ungdomsstyre
Prisutdelaren trekte fram at korpset har organisert seg med eit eige ungdomsstyre.
Rørande og spesielt
- Dette er rørande, sa styreleiar Thor Hansen. Han trur ikkje det er mange korps som får kulturprisar, så dette er spesielt meinte han. Han skryt av både musikantar og foreldre som stiller opp på frivillig arbeid.
Pris til Melbo Musikkforening
Melbo Musikkforening i Hadsel kommune i Nordland har fått kommunen sin kulturpris.
Gjennom arbeidet og engasjementet, bidrar kandidatene til å skape bolyst. De profilerer Hadsel og regionen på en god måte, skriver kommunen på sine nettsider.
- Dette er svært hyggeleg, og det er veldig fint å bli sett pris på, sa leiar Arild Reinstad som tok imot prisen for korpset saman med Eirik Dahl.
Mange tusen dugnadstimar
I løpet av eit år legg vi ned rundt 7.200 dugnadstimar gjennom øvingar, dugnad og arrangement. Det er klart dette vedkjem mange i kommunen, sa Reinstad.












