![]() |
Korpsdriftsportalen blir lansert torsdag

Torsdag 26. januar kl.1200 blir Korpsdriftsportalen lansert. Portalen er eit nytt datasystem som skal lette kvardagen til korpsa.
Bilde: Illustrasjon Korpsdriftsportalen
Det nye datasystemet som blir kalla Korpsdriftsportalen er klar for lansering. Torsdag kan korpsa prøve ut systemet. Her får korpsa tilgang til medlemsarkivet, støtteordningar og økonomiske løysingar. Erlend Veland Thorsen har utvikla systemet i nært samarbeid med utviklarar for å få eit best mogeleg verktøy som koprsa kan ha god hjelp av.
Grunnmuren på plass
- Grunnmuren i systemet er solid og på plass. Men som alltid når noko heilt nytt blir laga, må ein belage seg på ein periode med korrigeringar, seier Veland Thorsen.
Lettar korpskvardagen
Han seier datasystemet gir ei oversikt over medlemsdatabasen, og her kan korpsa legge inn instrumentpark, koble spesifikke instrument til enkeltmedlemmer og samle historikk, halde orden på notearkivet, rapportere moms med eit tastetrykk, fakturere medlemmer, føre regnskap, planlegge aktiviteter, sende sms til medlemmer, og etterkvart ganske mykje meir.
Meir etter kvart
Etterkvart som portalen blir utprøvd, vil fleire funksjonar bli lagt til.
- Seinare kjem planleggingsverktøyet, der korps kan planlegge aktivitetar, dele ut oppgåver, gjere påmeldingar, og mykje meir, fortel Veland Thorsen.











