Musiserer på hurtigruta

Av: Olga Wergeland

Sør-Afrikanaren Eldrin Elie er student ved Universitetet i Tromsø. Han har vore utvekslingsstudent gjennom samarbeidsprosjektet Band Crossing Borders. Måndag kveld tok han hurtigruta frå Bergen til Tromsø for å musisere.

- Eg hadde to val heime i Sør-Afrika, anten bli kriminell eller drive med musikk/sport. Eg valde musikk, heldigvis, seier Eldrin Elie.

Musikalsk familie

Eldrin er oppvaksen i Sør-Afrika. Han fortel at han kjem frå ein musikalsk familie. Som liten starta han å spele euphonium, gjekk så over til trommer før han enda på trompet, som er hans hovudinstrument i dag. Gjennom ein gutegjeng i kyrkja, kom han i kontakt med eit Field Band.

Ungdom vil vere kule

- Tendensen blant dei unge i Sør-Afrika er at dei vil gjere ting som er kule. Å bli musikar er ikkje så kult, men for meg var det ein veg vekk frå kriminaliteten. Samarbeidsprosjektet Band Crossing Borders som Field Band Foundation har saman med Norges Musikkorps Forbund har betydd mykje for meg, seier han og legg til at han hadde truleg vore i fengsel i dag om det ikkje var for at nokon ville ha han med i Field Bandet.

Utvekslingselev

I 2006-2007 var han elev ved Toneheim Folkehøgskule gjennom prosjektet Band Crossing Borders.

Student i Tromsø

I dag er Eldrin bachelorstudent ved konservatoriet i Tromsø. Der har han vore student sidan 2009 og reknar med å vere ferdig i mai 2013.

- Det gler eg meg til. Eg har alltid gleda meg til å kunne ta mi fyrste høgare utdanning, seier han.

Hurtigrute-tur med musikk

Og måndag kveld stig han ombord i Hurtigruta i Bergen for å spele saman med 12 andre medstudentar på veg til Tromsø og Nordlysfestivalen som startar der 27. januar.

- Eg gjorde det same i fjor, og gler meg enno meir i år. Vi skal spele berre norsk musikk. Dei som reiser skal få ein forsmak på det som ventar dei på festivalen i Nordens Paris.

Vil gje noko tilbake

Eldrin vil reise heim til Sør-Afrika etter studiane for å bidra i opplæring og musikalsk utøving blant born og unge.

- Alle unge har eit stort behov for å høyre at dei er verdt noko, at dei kan fikse livet sitt. Eg vil heim og vere både lærar og utøvande musikar, seier han. Eg har lært mykje i Norge som eg vil ta med meg tilbake.

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Aina Helgeland Davidsen

Denne uken kan du se og høre Aina Helgeland Davidsen på nett-tv.

Les merFlere talenter
Idium Portalserveridium webpublisering