Rekordmange vil delta på NM

Det har meldt seg nær 100 deltakarkorps til NM janitsjar 2012 i Trondheim. Til NM brass i Bergen neste år har nær 80 korps meldt seg på.

Fristen for å melde seg på til NM janitsjar og NM Brass gjekk ut 15.september. Og rekordmange korps vil til NM i Trondheim. Heile 99 korps har meldt seg på. Til NM i Bergen har så langt 78 korps meldt sin ankomst, og det er også fleire enn i fjor.

På NM janitsjar i fjor deltok 98 korps med over 4300 medlemmer. Og i år kjem det enno fleire.

- Vi har booka alle hotella i byn, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk. NM janitsjar veks og hotella i byn utvidar. For tida er skandinavias største hotell under bygging på havna i Trondheim, og vi har reservert alt, seier han.  

Lottodivisjonen var ny av året i fjor og korpsa som deltok konkurrerte om å vinne pengepremiar frå Norsk Tipping. 

Nyvinninga var eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Og tanken bak var nettopp å gjere noko for dei korpsa som ikkje ønskjer ein så alvorsprega konkurranse.

- Det er gledeleg at mange som deltok i Lottodivisjonen i fjor oppdaga kvalitetane i norgesmeisterskapen og har meldt seg på for å vere med å konkurrere i år, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk. Heile 18 korps har meldt seg på i den nedste divisjonen, 6.divisjon.

- Lottodivisjonen er mykje av grunnen til den store auken i tal påmeldte til NM janitsjar, 10 fleire enn i fjor, seier Hinsverk.

Om det blir Lottodivisjon til neste år, er enno ikkje bestemt.

NM brass i Bergen har også fleire påmeldte til NM 2012. I fjor var det for mange korps med i 4.divisjon. 23 korps blir for mange i ein divisjon og difor er det oppretta ein 5.divisjon i 2012. Prosjektleiar Åse Espevik seier planlegginga av NM brass er i rute så langt.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering