- Bygg huset før du malar

Av: Olga Wergeland

-Eg trur ikkje det er mogeleg å vinne utan å lage god musikk, men det er fullt mogeleg å lage god musikk utan å vinne. Det seier Reid Gilje som dirigerte to korps til topps i sine divisjonar under NM brass 2012. Til vanleg dirigerer han også norgesmeister Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Bilde: Representant for Askøy Brass band og Askøy-ordførar/Foto: Håkon Mogstad 

Dei siste åra har norgesmeister Eikanger-Bjørsvik Musikklag hatt korpsbygging på agendaen. Elitekorpset ser på seg sjølv, sitt «indre live», diskuterer status, framdrift og finn fram til kva utvikling dei vil ha i korpset.

Kan bli betre

- Også eit korps på topp nivå må sjå på kva potensiale som ligg i korpset, seier korpsbyggar Per Einar Fon. Han får støtte frå Viggo Bjørge som er ein av 32 rettleiarar innan korpsbygging i NMF.

- Alle kan bli betre, seier Bjørge.

Felles retning og mål

- På alle nivå i korpsbygging er det viktig å sette seg saman og diskutere felles mål og samle seg om å tenke i same retning. Det er viktig for det endelege resultatet, anten det blir vurdert musikalsk, sosialt eller i konkurranse.

Det er Reid Gilje som svarer dette når vi spør han om kva som er viktig for at eit korps skal bli betre.

Utvikling ligg hos kvar enkelt

- Korpset må sjølve blant anna finne fram til kor viktig er det å møte på øving, kor viktig å møte til rett tid, kva grunnar er gode nok for å vere vekke og kor viktig er det å ha øvd på dei rette tinga.

Den beste kjelda til utvikling ligg hos kvar enkelt musikant.

- Det er korpsbygging i praksis, seier Gilje.

Dirigent for fleire

Gilje har tidlegare dirigert Askøy Brass Band som vann 2.divisjon NM brass i år, i 13 år før han denne gongen var gjestedirigent for korpset. Han gjestedirigerte også Flesland Musikklag til topps i 3. divisjon i år.

At begge dei to korpsa han dirigerte i NM gjekk til topps, er mest flaks meiner Gilje.

Øving og litt flaks

- Det er mange gode korps i alle divisjonane, og det er litt flaks at vi treff med så mange parameter på ein gong, seier han. Sjølvsagt har førebuingane ein del å seie for flaksen. Det trengst masse arbeid, både musikalsk og administrativt, og det trengst øving på alle dei samspeltekniske tinga og forståing for det musikkstykket korpset jobbar med.

Bygg huset før du malar

- Det blir eit byggverk av alle dei mange musikalske byggesteinane. Personleg likar eg ikkje å male huset før huset er bygd, men då er det viktig med nokre gode strok med maling, seier Gilje retorisk.

 

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering