![]() |
Kulturpris til Ellen F. Andvik

Ellen Andvik er tildelt kulturprisen for 2010 for sitt store arbeid for born og unge, med spesiell vekt på leiarfunksjonen i Sandnes skulemusikk dei siste 5 åra.
Kulturprisen i Masfjorden kommune vert i år delt ut for 23. gong. Prisen er eit innramma diplom, ein sjekk pålydande kr 10.000,- og ein blomebukett.
Både lag, organisasjonar og einskild personar er invitert til å koma med framlegg, og juryen står fritt til å fremja kandidatar gjennom si handsaming.
Formannskapet er jury for kulturprisen, og tildelinga for 2010 vart gjort gjennom eit samrøystes vedtak 19. mai, Årets prisvinnar er nominert for sin mangeårige innsats for born og unge, med spesiell fokus på leiar- og pådrivarrolla innan skulemusikken dei siste åra.
Ellen Andvik er tildelt kulturprisen for 2010 for sitt store arbeid for born og unge, med spesiell vekt på leiarfunksjonen i Sandnes skulemusikk dei siste 5 åra.





