![]() |
Strålande påmelding til Nordvesten Sogn og Fjordane

Det er 17 påmeldte korps til Nordvesten Sogn og Fjordane. Dette er vi svært godt nøgd med, og det lover godt for ein flott konkurransedag i Førdehuset!
Den gode påmeldinga gjer at det vert ein lang konkurransedag i Førdehuset, men dette luksusproblemet tek vi med godt humør. Vi jobbar allereie med å lage ein god timeplan for dagen, og vil offentleggjere spelerekkefølgja i god tid før konkurransen.
Planen for dagen er å starte med solist- og ensemblekonkurransen klokka 9:30. Første korps på scena blir klokka 10:45, og
siste korps skal vere ferdig å spele klokka 18:20. Resultat og premieutdeling blir klokka 19:00
Påmeldinga til drillkonkurransen er diverre ikkje like god, og vi er lei for at vi ser oss naudsynte til å avlyse denne.
Dei påmelde korpsa er:
Brekke skulemusikkorps
Byrknes skulemusikk
Fjærland Skulekorps
Florø Skoles Musikkorps
Førde Skulemusikkorps
Eikefjord Skulemusikk
Hjelle skulemusikk
Holvik Skulekorps
Kalvåg Skulemusikk
Kjølsdalen skulemusikk
Nordfjordeid skulekorps
Skei Skulemusikk
Slåtten skulemusikk
Sogndal skulemusikk
Solund Skulemusikk
Svelgen skulemusikk
Vassenden Skulemusikk












