- Eg og bestefar min er like gamle ♥

Dei to gutane på setet bak meg visste ikkje at eg lytta til dei....

Denne gongen er bloggen min svært lang og utan humor. No er du åtvara.

Første tanken var å skrive frå ei svært so utbyterik helg på HELLSYMPOSIET 2012, men vel heimkomen fann eg ei «gohistorie» på FaceBook som eg heller vil dele med deg. Eg ber deg om å lese den som om du var bestefaren, - og at det du bidreg med er korpsrelatert. Eg er bestefar. Historia las eg som om eg sat på flyet heim, og «eg» har vore på ungdomkonferanse.

Eg skulle ønskje at er ein slik bestefar som her er omtala. Da kunne eg vore like stolt av meg sjølv, som eg er av både barn og barnebarn.

Du kan lære litt, - og bli som denne bestefaren......

Dei to gutane på setet bak meg visste ikkje at eg lytta til dei. Eg lytta vel eigentleg ikkje, det var vel meir slik at eg ikkje kunne unngå å høyre kva dei sa til kvarandre. Lite visste eg at denne bussturen skulle gi meg ei fantastisk historie og at dei to ungdomane skulle imponere meg så mykje…

Dei to gutane var tydeleg prega av at det var fredag og helg. “Du blir vel med på festen i kveld?”, sa den eine. Kompisen drog litt på svaret og sa at han ikkje hadde tid. “Er du gal? Det går ikkje an å takke nei til akkurat denne festen! Det kan gå år og dag før vi blir inviterte igjen!”, heldt han fram. Han brukte alle argument han kunne for å lokke den treige kompisen sin. Eg kunne ikkje anna enn å trekkje på smilebandet og fekk brått assosiasjonar tilbake til eiga ungdomstid.

Ei lita stund vart det heilt stille i setet bak meg. “Bestefar min har bursdag i dag”, kom det frå ungdomen nærast vindauget. Ikkje stille og unnskuldande, men tydeleg og nesten litt triumferande. “Det er difor eg ikkje kan kome.”

Eg ser ikkje dei to gutane, men kan nesten sjå for meg ansiktsuttrykket til kompisen. Det vart stille på nytt. “Er du gal? Takkar du nei til ein fest på grunn av det???”. Eg høyrde at dei småflira litt, før han nærast vindauget sa: “Det hadde du også gjort om han var din bestefar.”

I det same sekund snudde samtalen mellom dei to. I det same sekund forstod eg at eg skulle få overhøyre ei heilt fantastisk forteljing om ein heilt fantastisk bestefar.

“Bestefar min blir 83 år i dag, men vi er like gamle. Forstår du det? Eg og bestefar min er like gamle. Det er 66 år som skil oss, men trass i det er vi like gamle. Bestefar min sender meg SMS og chattar med meg på Facebook. Han stiller opp på fotballkampane eg spelar og blir grinete i fleire dagar dersom Liverpool taper ein kamp. Han kjøper blomster til bestemor kvar fredag og dei flørtar med kvarandre når dei sit på kafè på storsenteret. Ein gong spurte bestefar om eg ikkje kunne lære han å bruke Playstation og no er han neste betre enn meg i fleire spel. Bestefar køyrer fleire mil i bilen sin og slår opp telt ved fiskevatnet der han brukte å fiske som liten gut. Vi kan sitje timesvis i sofaen og prate om alt og ingeting utan å merke at tida går."

Ungdomen tek seg ein pause. Busskameraten er heilt stille. “Tullar du?”, er det einaste han seier. Han seier det fleire gongar.

Den unge guten ved vindauget, som eg plutseleg får lyst til å sjå, held fram å fortelje om bestefaren.

“Bestefar har lært meg alt eg veit om fotball. Han tvinga meg til å ete fisk fordi han visste kva som var best for meg. Når leksene var for vanskelege og eg ikkje fekk til noko som helst, fortalte han meg at eg likevel var best. At eg var flink til noko. At eg var viktig. At han var stolt av meg – uansett. Bestefar har alltid hatt eit smil på lur og tid til meg. Då den fyrste kjærasten min slo opp med meg var det han som trøysta meg og sa at livet likevel kom til å gå vidare. Og så er han så glad i bestemor mi. Dei held kvarandre i hendene når dei ruslar tur i lag. Eg kan sjå at dei sender kvarandre lange blikk når vi er der på kaffibesøk og bestemor legg koselege beskjedar i matboksa hans når han er på fisketur.”

“Eg trur jammen du får det kjekkare enn meg i kveld”, seier kompisen som skal på fest. “Du er heldig, er du klar over det?”. Han ved vindauget flirar godt og så glir samtalen over i noko anna. Som om ingenting har skjedd. Som om alt er slik det alltid har vore.

Eg trur ikkje gutane var klar over at dei hadde rørt fleire menneske denne dagen. Vi som sat på naboseta til desse gutane såg på kvarandre og smilte då dei gjekk av bussen. To unge gutar, med slitte bukser, ein røff utsjånad og med luene langt ned i augene. Likevel såg eg glimtet i augene deira og dei gode smila dei sende kvarandre då dei gjekk kvar til sitt.

Ute snødde det, og eg hadde langt att av reisa mi. Det var ein smule kaldt på bussen, men det gjorde ingenting. For så varm om hjartet hadde eg ikkje vore på aldri så lenge…

Tusen takk, du framande ungdom, for at du gav meg ei så fin historie på ein heilt vanleg kvardag.»

Vonar du likte dette!



Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...
Ukas Talent

Simen A. O. Hagen

Denne uken kan du se og høre Simen A. O. Hagen på nett-tv.

Les merFlere talenter

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering